Når forfattar Øystein Orten frå Hareid inviterar til ei reise i eit kjend landskap, er det med ein tydeleg fotnote på billetten.

– Denne bygda eksisterer ikkje. Det er ikkje Hareid. Men kanskje ein fjern tremenning, seier forfattaren som med novellesamlinga «Sjabervik» følgjer eit oppdikta lokalsamfunn gjennom 175 år.

Utstøtt

I dei 21 novellene møter vi folka som historiebøkene gløymde, men som er forfattarane sitt favorittmateriale: Dei som fell utanfor. Karakterane som er mislukka, utstøytte og mistilpass gir rom for å fortelje noko viktig, seier Orten.

– Mange menneske blir født inn i eit miljø der dei har liten sjanse for å unnslippe det stempelet dei får. Eg vil ta med lesaren inn i denne kampen. Det gjeld heilt frå husmennene på 1830-talet til born av innvandrarar i dag, seier forfattaren.

Begge gruppene møter vi i «Sjabervik».

– Husmennene vart henvist til å bygge sine hus på dårlig jord i skuggen. Det er ikkje vanskeleg å trekke parallellen fram til dagens situasjon for mange flyktningar som kjem til Norge, seier Orten.

Miljø

Trass i at her finst forteljingar om små samfunn og deira verknad på folk, er ikkje dette ei bok om det myteomspunne bygdedyret, seier forfattaren.

– Nei, eg trur mange av desse menneskeskjebnene er universelle. Til dømes er det i lita grad jantelova som har tvinga fram situasjonane dei er i. Men eg ville sette novellene til dette miljøet fordi naturen og leveforholda her sett visse rammer for liva til karakterane. Og eg trur desse rammene er med på å forme oss i langt sterkare grad enn vi er klar over, seier Orten, som arbeider som lærar på Ulstein vidaregåande.

– I like stor grad no som før?

– Fjordbygda tek opp i seg urbane impulsar, og identiteten er nok meir samansett enn ho var for 100 år sidan. Det skjer raske endringar i verdisynet. Men samstundes er sjøen framleis ein viktig arbeidsplass, og uansett kor moderne vi blir, er denne naturen kring oss. Ein kan ikkje fri seg frå han, på godt og vondt.

Gjenkjenneleg

Historiane i «Sjabervik» vever seg nesten umerkeleg inn i kvarandre, ved at fleire av personane opptrer i forskjellig tid. Dei er ikkje statiske – i ei novelle kan karakteren vere tiltalande, mens han vender tilbake som usympatisk i ei anna.

Sjølv om karakterane ligg nært røynda, er det neppe nokon som vil kjenne seg att, seier Orten.

– Det er i så fall tilfeldig. Men alle som har vore i ei kystbygd ei viss tid, vil nok sjå at mange av trekka er henta frå typar som går igjen i den lokale mytologien, seier Orten.