Førstkomande søndag held Hanne Kolstø intimkonsert i Ocean Sound Recordings på Giske. Kolstø, opphavleg frå Sykkylven, er aktuell med det nye albumet «Fest Blikket» - som er den første norskspråklege utgjevinga hennar.

På det nye albumet er jakta på identitet eit tema som går igjen.

– Det er godt å endeleg kunne syngje på «sykkjylvsk». Bygda eg vaks opp i har vore med å definere kven eg er i dag. Uttrykket i dette albumet er slik sett mykje nærare meg enn tidlegare, forklarer Kolstø i ei pressemelding.

(saka held fram under bildet)

I utgangspunktet vart «Fest Blikket» spelt inn som eit instrumental-album, og planen var heile tida å sleppe det som det. Men slik vart det ikkje.

– Eg har alltid skrive små dikt og tankar på norsk ved sida av tekst til musikk, og ved å lage landskapet til musikken først vart det som om tekstarbeidet vart sett fri. I staden for å setje tekst til ein melodi, fann eg ein melodi til teksten. Slik sett kan ein godt seie at «alt er sett på hovudet» i dette albumet, seier Kolstø.

Med «Fest Blikket» har Hanne Kolstø gitt ut sju album på seks år.