Kjende tonar fyllar lokalet - Karel Svoboda sin filmmusikk til «Tre nøtter til Askepott». Publikum finn plassane sine. Rundt 100 menneske har møtt fram i kveld.

- Velkomen alle saman. Velkomen prinsesser og prinsar. Velkomen dronninger og kongar. Velkomen til liten og til stor, seier forteljar Guri Aasen.

Prinsen på scena vil ikkje gifte seg. Han tykkjer det er meir morosamt å leike seg i skogen. Det tykkjer ikkje skulemeisteren hans. Han jagar prinsen og kameratane rundt i salen.

Her kan du sjå fleire bilde frå framføringa

Tre gode hjelparar

På det tredje forsøket får han endeleg fatt i han.

- Sjølv om skulemeisteren er 50 år gammal, klarte han å ta igjen den unge prinsen. No er det tid for slottsball, seier forteljar Guri Aasen.

Musikk fyller salen. Dei tre gode hjelparane til Askepott, Ørnulf Ørn, Doris Due og Kråka Kraksi hjelper Askepott på vegen til slottet. Når Askepott gjer sin entré i salen, stoppar musikken opp.

- Prinsen let att auga sine. Han snur seg rundt og rundt i ring. Den han tilfeldigvis peikar på, må han danse med, seiar forteljar Guri Aasen.

Og prinsen peikar på Askepott. Musikken breier seg i salen og alle skodespelarane dansar på scena.

Jubelkyss

Askepott rømmer frå ballet med stemora og systrene hakk i hæl. Dei les ho inne, men Askepott slepp fri med hjelp frå sine gode fuglevenar. Iført sitt siste ønskje, ein brudekjole, kan Askepott og prinsen endeleg vere saman.

- Både store og små, dyr og menneske feira Askepott og prinsen, seier forteljar Guri Aasen.

- Og snipp, snapp, snute, så var også dette eventyret ute, avsluttar forteljar Guri Aasen.

Askepott og prinsen kyssar. Publikum jublar og klappar.

Både liten og stor klappar. Skodespelarane nikkar og bukkar. Det er førjuls-stemning i Herøy i kveld.

Sjå også: På tåspissene heile helga- «Nøtteknekkeren» på Parken kulturhusNy nissetradisjonPremiereklar puttifamilie Bildeserie: Fra villagran til juletre på Sankten

Foto: Stine Mari Skeide