I går marsjerte muntre musikantar inn frå alle kantar til Solevåg skule. Kalde gufs inga hindring der i garden, for arrangørkorpset er nemleg i medvind. Og det har dei vore ei tid.

– Eg kom inn i dette som alle andre gjennom borna, fortel styreleiar Ivar Bjørnevik.Han er ikkje musikar sjølv. Korpset på fødestaden Bømlo la ned før Ivar fekk dreis på kornettspelet.

– Somme foreldre er redde for dugnaden. Men det som er spesielt kjekt med miljø som våre er at du møter ein menneske i alle aldrar. Her treff ein folk. Slike løft som dette er kjekke.

– Eg meiner at innsats i korps-rørsla er ein ypparleg måte å bli kjent med lokalmiljøet ditt på. Det er rett sosialt, seier styreleiaren. Solevåg skulekorps har no rundt 40 musikarar og ni aspirantar. Den samla foreldregruppa er altså rundt det doble. I styret har dei ni medlemer som tek seg av den daglege drifta.– Her hjå oss er det råd å delegere og vite at tinga blir gjort. Vi har folk som tek ansvar, peikar Bjørnevik på.

– Vi har også nokre styreveteranar som har vore med lenge og som går i bresjen for korpset.Sponsa grunnopplæring får borna i kulturskulen. Dei er juniorar etter to år der og får plass i hovudkorpset etter litt samspeltrening som korpset sjølv driv.– Undervisinga skjer i skuletida, og vi har gode røynsler. Den profesjonelle opplæringa har heva kvaliteten, synst styreleiaren. Det kostar litt, men er verd det, forstår vi.Dei kjøper dirigenten Ingolf Dragset på same viset.

– Og han får konsentrere seg om musikken?

– Ja. Dirigenten stiller på styremøte, og så prøver vi å støtte han organisatorisk så godt vi klarer. Dessutan trur eg på å involvere foreldregruppa. Men her gjeld det å finne ein balanse, slik at vi ikkje brenn ut eller skremmer nokon vekk frå oss. Bjørnevik har born både i korps, idrettslag og speiding.

– Du ser likevel nokså normal og etter måten avslappa ut?

– Vel, vi blir ikkje arbeidsledige, for å seie det slik. Når det gjeld forholdet til andre lag, vert det litt gje og ta. Stort sett går det bra. Vi prøver å legge til rette for at borna skal kunne halde på med fleire ting. I mi verd er dét viktig, seier Ivar.

– Når vi samarbeider slik, misser vi færrast mogleg. Det finst alltid dei som vil spisse meir, men eg tenkjer at breidde er bra. Breidde er spennande. I juni blir det tur til Danmark. Solevåg er i utlandet annakvart år. Såpass med gulerøtter legg dei framfor dei unge. Det ser forsyne oss ut til å fungere, det også.