Debutromanen til Bjørn Vatne frå Ålesund vert sleppt på Gyldendalhuset i Oslo tysdag.

– Eg har ikkje halde boka i handa enno, men eg har sett bilde av henne. Det er både artig og spennande, seier Vatne dagen før boksleppet.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Heimby

Handlinga i «Slik skal vi velge våre ofre» er lagt til Ålesund. Heilt tidleg i boka vert ein biltur gjennom sentrum skildra med attkjennelege detaljar.

– Eg har lagt handlinga til heimbyen min først og fremst fordi det er eit kjent landskap for meg. Dessutan er det ikkje mange bøker som skildrar Ålesund i notida.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Vatne si bok handlar ytre sett om ein åleinepappa som lever eit ekstremt normalt og oppbyggjeleg liv. Planen var å bryte ut av den konforme normaliteten saman med kjærasten, men så døyr ho under fødselen, og pappaen vert sitjande åleine igjen med barnet.

Ekstrem

– På den eine sida er han fanga i normaliteten, men han driv også ein anonym, svært ekstrem blogg, der han gjer opprør mot interiørhysteriet, skjønnheitspresset og konsumentarismen i samfunnet, forklarer Vatne om hovudpersonen.

Bjørn Vatne var tidlegare journalist i Sunnmørsposten. I 2014 tok han eit oppgjer med si eiga flinkheit, og etterlyste meir journalistikk med meining.

Les også: Et journalistisk nyttårsforsett

I nedbemanningsprosessen som Sunnmørsposten var gjennom i fjor, var Vatne ein av dei som tok sluttpakke og sa opp jobben.

– Eg har på ein måte brote ut av normaliteten sjølv, utan at det betyr at det er meg sjølv eg skriv om, fortel trebarnsfaren.

Ytring

Han skildrar boka si som ein handlingsdriven roman, som er i dialog med lesarane.

– Eg vil ha med lesaren på ei oppleving, på ei medrivande og attkjenneleg reise. Og utan at det var tanken då eg tok til å skrive, så går likevel boka mi rett inn i ytringsdebatten - kva kan ein seie utan at det er straffbart?

Vatne fortel at han har meir på hjartet, og at han er godt i gang med bok nummer to: – Men det blir noko ganske anna enn denne første boka.