Det er sjette år på rad NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rocfestival inviterer til lokalmusikalsk folkefest på Nordfjordeid, opplyser NRK Sogn og Fjordane.

NRK Sommarlutt og festivalarrangøren har plukka ut nokre av dei artistane i fylket som sterkast viser at dei vil og kan.

Ein av dei mest røynde artistane er Odd-Erik Lothe, som har fått heile landet til å nynne med til refrenget av "Heimleg himmel" denne sommaren.

Andre artistar som fekk sjansen til å syne kva dei kan, for eit stort og engasjert publikum, er b0ka, Line, Tripod, Arnt Herman Hagen, Silje Søgnesand og Håvard Endal Husevåg.