Tre norske såkalla locations scouts fann flotte innspelingsscener til «Succession»-serien. Foto: HBO

Neste veke går Location Managers Guild International Awards av stabelen i Los Angeles, sagt å vere den høgaste anerkjenninga som kan bli tildelt fagfolk som finn og administrerer innspelingsstader til film- og serieproduksjonar.

Og for første gong i LMGI Awards ti år lange historie er fire nordmenn nominert, side om side med kollegaer frå Los Angeles, New York og London.

Steve M. Røyset plukka ut dei norske innspelingsstadene i Møre og Romsdal til dramaserien «Succession», etter tidlegare å ha funne passande norske lokasjonar til «Dune», «Mission: Impossible», «No Time to Die», «Black Widow» – og «La elva leve».

– Det blir gjort mykje imponerande arbeid på filmsett rundt omkring i verda, så å bli nominert av internasjonale kollegaer til denne prisen er ei stor ære. Dette gir ny synlegheit til Noreg som innspelingsstad, og viser kva kvalitet vi har i bransjen vår, seier Røyset ifølgje pressemeldinga frå Vestnorsk Filmsenter.

Roar Uthaug-filmen «Troll», som var å sjå på Netflix, er også nominert gjennom teamet Audun Skarbøvik, Leo Resnes og Espen Rudi – som skal kappast med internasjonale storfilmar som «Tár» og «John Wick» i klassen sin. I filmen er det Geiranger, Lom, Romsdal og mørekysten som blir løfta fram.

Ifølgje Sigmund Elias Holm i Vestnorsk filmkommisjon kan prisnominasjonane skape positiv blest for Noreg som innspelingsland.

– I den tidlege fasen møter Noreg sterk konkurranse frå ei rekkje andre land med tilsvarande landskapstypar. Når norske fagfolk er nominert i ein slik setting, så blir den mentale avstanden frå Hollywood til fjordane litt kortare, seier Holm.

Prisen blir delt ut 26. august.

Tre norske såkalla locations scouts fann flotte innspelingsscener til «Succession»-serien. Foto: HBO

(©NPK)