Det er ikkje vi som har kome på ideen om å køyre kjelke. Det var Maria Parr sitt eige forslag, då vi møtte ho heime på Fiskå. Torsdag er Parr med under Ålesund litteraturfestival. Foto: Staale Wattø

Maria Parr etter «Oskar og eg»: – To ungar eg gjerne vil skrive meir om

Forfattaren seier ho heilt frå starten av har tenkt at boka kan bli den første i ein serie. Likevel vil ho helst ikkje at det blir gjort eit altfor stort poeng ut av det.