– Hugo Opdal har spurt om å få reparere skulpturen, og det er ok for meg. Føresetnaden er at den ikkje blir selt, og at den blir ståande på Flø. Det sa kunstnaren Bård Breivik til Sunnmørsposten måndag.

– Skulpturen er eit øydelagt kunstverk, som er blitt ein attraksjon. Men ikkje noko meir enn det, la Breivik til.

Uhell

Det var i september 2009 då kunstnaren Bård Breivik hadde utstilling i Studio Hugo Opdal at uhellet med skulpturen «Pyramidebukk» skjedde.

Stroppen glapp då det vel 900 kilo tunge kunstverket av stein skulle plasserast ytst ute på moloen på Flø. Det deiste i bakken, og førte til at tre av dei fire beina knakk.

– Skulpturen sin marknadsverdi er øydelagt, den kan ikkje seljast. Men skulpturen landa perfekt i vater og tek seg flott ut der den står. Om Kystverket tillet det blir den ståande der til bølgjene tek den, sa Breivik i ein kommentar rett etter at uhellet var ute.

Etter den tid er skulpturen blitt ståande ytst ute på moloen.

Gåve

– Breivik har donert skulpturen til bygda Flø. Kravet frå kunstnaren er at den skal stå på ein fin plass i bygda, fortel gallerist Hugo Opdal, som har ein plan om å reparere skulpturen og plassere den på utsida av kunstgalleriet han driv.

– Eg synest det er naturleg å plassere den ved gamleskulen, som ligg sentralt i bygda. Men endeleg plassering skal eg ta opp med bygdefolket og Ulstein kommune. Når flyttinga skjer er usikkert, for eg har ingen tidsplan, seier Opdal.

– Har Kystverket kome med nokon reaksjon på at skulpturen står på moloen?

– Nei, eg har ikkje høyrt noko frå Kystverket, fortel Opdal som har sikra skulpturen med stropper og reimar, for å sikre den mot vêr og vind der den no står på moloen.