Filmen om paddene ved Lisjevatnet i Austefjorden er laga av Blåst Film, med regissør Are Pilskog.

– Planen var å lage ein kort reportasje om paddene, fortel Pilskog.

I staden har han i fire år ligge langflat i ei veggrøft og filma.

Filmen

Voldingane Oddvar Olsen og Gunnar Wangen stod opp som paddene sine advokatar då det skulle byggjast europaveg rett gjennom leveområdet til Norden sin største paddebestand. Det enda med å setje eit heilt lokalsamfunn på hovudet.

Paddene fekk eigne tunnelar under europavegen, og ein lokal banksjef såg etter kvart turistpotensialet i paddene. Han gav pengar til informasjonsskilt, paddeapp og ei 2,5 meter høg paddestatue.

Filmen om paddene i Austefjorden vert vist på NRK i mars. Regissør Are Pilskog har tidlegare fått prisar for dokumentarfilmen «Havets sølv».

foto
<strong>Regissør:</strong> Are Pilskog i Blåst Film.