Musikaren skreiv ei hylling til Bowie på si Facebook-side:

(saka held fram under biletet)

Faksimile frå Ronnie Mag Larsen si facebook-side.

Blomsterbukse frå Birkevold

På det tidlege 90-tal var Ronnie Mag Larsen innom Birkevold og kjøpte seg blomstra bukse, i ordentleg Bowie-stil. Då han sjølv starta opp med musikken, pudra han andletet på same måten som idolet sitt, og gjekk i dei same blondeskjortene. Bowie opna eit stort musikalsk univers for mange.

- I 1989 tok Alex Rinde opp ein dobbelkassett med Bowie-songar til meg. Då eg det same året reiste i millitæret, høyrte eg på den kassetten heile togturen. Eg var nitten år då, og har vore hekta sidan, seier Ronnie.

Så snart han fekk perm frå millitæret reiste han på konsert.

- Eg stod heilt fremst. Etter tre songar var eg så sliten – og det var så fullt av folk, at eg vart dregen ut av mengda. Den konserten skulle på ein måte vere avskjedskonserten hans, det vart den ikkje, legg han til.

Nokon å sjå opp til

Det var i bilen på veg til jobb han fekk den trist nyhenda om at artisten som har påverka han på så mange måtar, har gått bort.

- Klokka ni skrudde eg på radioen, for å høyre trafikkmeldingene – det som møtte meg var ei sending dedikert til David Bowie. Han var død. Eg tok til tårene då «Life on Mars» kom på.

Ronnie Mag Larsen er no lærar på Holtekvilen Folkehøgskule. Då Sunnmørsposten kontaktar han, sit han saman med elevane sine og høyrer på gamle Bowie-låter.

- Vi har ei slags minnestund. Det er så utruleg mange som har eit forhold til han. Fleire generasjonar. Bowie pusha grenser, spesielt med kjønnsroller. Han var ikkje redd for å tenkje nyskapande, og har gitt oss alle så utruleg mykje. Han er verkeleg nokon å sjå opp til.

Berre to dagar før sin død slapp David Bowie sitt nye album, «Blackstar». Dette albumet skal Larsen kjøpe på vinyl i dag.

- Bowie slapp dette albumet på sin eigen 69 års dag. Dagen etter hadde eg sjølv bursdag. Det er litt spesielt, synest eg. At vi har bursdag berre ein dag imellom. Sånn sett har eg alltid visst om han – han har alltid vore der. Og det skal han fortsette med.