– Tre gongar har vi utarbeidd forslag til fargar på innvendige vegger i kyrkja, og tre gongar har vi fått avslag frå riksantikvaren. No er vi litt frustrerte over heile situasjonen. Det seier leiar i soknerådet Lars Tore Nerbøvik.

– Veggene i kyrkjerommet flassar av og treng måling. Soknerådet ynskjer å ta utgangspunkt i dagens farge på veggene, og måle dei i ein lysegrå farge, og samstundes måle søyler, pyntebogar og andre bygningsmessige detaljar i fargetonar henta frå glasmåleria i kyrkja. Glasmåleria har mange fargenyansar, men blå- eller gultonar er mest aktuelt å bruke for at bygningsdetaljane skal kome til sin rett. Men dette seier riksantikvaren nei til. Han meiner veggene bør målast lys rosa slik dei var då kyrkja var ny, fortel soknerådsleiaren.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Ørskog kyrkje vart bygd i 1873, og har opp gjennom åra blitt måla innvendig fleire gongar. Sist var i 1973 i samband med kyrkja sitt 100-årsjubileum.

– Då kom glasmåleria på plass, og veggene vart måla i den lysegrå fargen soknerådet no vil ta utgangspunkt i, forklarer Nerbøvik.

Verdiar

I fråsenga frå riksantikvaren til Ørskog sokneråd går det fram at ved omfattande fargeendringar innvendig er riksantikvaren si generelle haldning at ein anten går tilbake til opphavlege fargar, eller at ein vidarefører dagens situasjon.

– Alt anna vil vere ei endring som ikkje kan koplast til historiske verdiar, men som heller vil bli ein diskusjonen om smak og behag, eller stygt og pent, skriv rådgjevar ved seksjon for bygningsvern og kulturminnefredning hos riksantikvaren, Arnt Magne Haugen.

For Ørskog kyrkje konkluderer riksantikvaren med at ein på ny vurderer opphavlege fargar som eit reelt alternativ.

– Kvifor vil ikkje soknerådet måle kyrkjeveggene rosa slik dei var frå starten av?

– Fordi rosa er ein farge vi meiner ikkje passar saman med glasmåleria. Verken soknerådet eller kyrkjelyden ynskjer rosa kyrkjevegger, seier Lars Tore Nerbøvik.

Han håper på eit snarleg møte og synfaring med riksantikvaren, slik at fargefloken i kyrkja blir løyst. Møre biskop har tatt initiativ til drøftingsmøte mellom partane.

Følg smp.no på Facebook

På eit lite felt på ein vegg i Ørskog kyrkje er den opphavlege rosafargen synleg.