Det seier prorektor på Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, om det at animasjonsutdanninga på høgskulen har nådd opp i den knallharde konkurransen om EU-pengar.

Høgskulen har søkt om og fått tilslag på eit prosjekt i eit nytt EU-program som ser på arbeidsløysa i Europa og prøver å skape nye arbeidsplassar.

Det vert også sett på samanhengen mellom høgskular/universitet og næringslivet.

Euro-Anime

Prosjektet har fått namnet Euro-Anime, og målsetjinga er å utvikle eit europeisk animasjons-samarbeid inspirert av suksessen japansk animasjon har opplevd.

Dette skal gjerast ved å inkludere ekspertise og kunnskap frå den japanske anime-industrien.

– Europa har ikkje ein eigen animasjonsindustri på same måte som Japan og USA har, så vi ser eit potensial for arbeidsplassar på dette området, seier Andres Mänd, som er førstelektor på animasjonsutdanninga.

Lik vår nye Facebook-side - Smp.no kultur

Prosjektet er planlagt over tre år, og resultatet skal verte idear til europeiske animasjonsfilmar med ein japansk tvist.

Ikkje tilfeldig

– Japan er ikkje tilfeldig valt. Høgskulen i Volda har hatt gode kontaktar med Japan i mange år, fortel dosent Gunnar Strøm.

Han meiner at tildelinga av prosjektet seier mykje om animasjonsutdanninga i Volda si stilling både i Norge og internasjonalt. I EU-prosjekt som dette er det eit krav at minst tre land samarbeider.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Høgskulen i Volda har Univerzita Tomase Bati ve Zline i Tsjekkia og Arts University Bornemouth i England på laget.

Moglegheiter

– Dette prosjektet gir studentane våre moglegheiter som det ville ta dei år å få ute i arbeidslivet. Å få jobbe med eit så stort selskap som Passion Pictures er ei uvurderleg erfaring. Euro-Anime er på alle måtar eit stort prosjekt, seier animatør Dave King.

Han skal vere regissør for filmpiloten som prosjektet skal munne ut i, og som skal visast på CARTOON Movie i Lyon våren 2018.

– Til Lyon kjem også dei som sit på store filmpengar. Om dei likar det dei ser i piloten, og vil investere, kan det hende at dei 30 studentane som har vore med i prosjektet kan danne sitt eige selskap og ta del i den vidare produksjonen av filmen, forklarer Andres Mänd og Gunnar Strøm.

Ny type

Om Euro-anime vert ein suksess, vil ein ny type europeisk animasjon inspirert av japansk anime verte vist på kinoar i Europa i starten av 2020-åra.

Fjør

– Prosjektet er ei fjør i hatten for Høgskulen i Volda. Summen av eksterne inntekter er eitt av måla som høgskulen blir målt etter, så vi må levere. Og det gjer vi så absolutt her, seier han.

I tillegg til Høgskulen i Volda var det i år berre fem andre høgskular og universitet i Norge som fekk EU-midlar til såkalla strategiske partnarskap-prosjekt. Desse er: Høgskulen i Oslo og Akershus, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, Norges musikkhøgskole og NTNU.