Vassendgutane har fått med seg ingen ringare enn sambygdingane i Sunnmøre Baarelag, til å spele på Parken kulturhus i Ålesund 2. juledag.

Sunnmøre Baarelag har vore musikalske førebilete

Gutane frå Vassenden i Åmdalen har halde romjulskonsert på Parken mange gonger tidlegare, men no er det tre år sidan sist dei stod på kulturhusscenen 2. juledag.

– Dei siste åra har vi vore booka andre stader, men i år klaffa det. Og Baarelaget sa ja med ein gong vi spurde dei om å vere med, fortel Brautaset. Karane i Sunnmøre Baarelag har vore musikalske førebilete for Vassendgutane på mange område. Dei skriv låtane sine sjølve, syng på dialekt, og gir alt på scenen.

(Artikkelen halder fram etter biletet.)

Sunnmøre baarelag: F.v. Kjell Rune Klubbenes (gitar), Arne Moe (bass), Frode Sundnes (gitar) og Kyrre Grimstad (vokal). Pressefoto.

Alle har et forhold til Baarelaget

– Baarelaget er eit band som «alle» hadde eit forhold til på 80- og 90-talet. Vi vaks opp med dei og såg opp til dei – det gjer vi framleis, seier vassendgut Brautaset.

Etter kvart har medlemmene i dei to banda vorte godt kjende med kvarandre, og i mai i år stod Vassendgutane og Baarelaget på same scene i Kiwihallen i Ørsta. Mot slutten av konserten kom Baarelaget opp på scenen til Vassendgutane, og saman serverte dei publikum ei utvida utgåve av Baarelaget sin låt «Plattingdans».

– Det var steikje tøft. Det er ikkje umogleg at vi kjem til å spele noko saman på Parken 2. juledag også. Forresten, eg trur vi må seie at det er stor sjanse for eit fellesnummer eller to. Det må vi berre få til, lovar Rune Brautaset.

Les også: Vassendgutane løfta nesten halltaket

Fin miks av musikk

Konserten i Ålesund 2. juledag er einaste sjanse så langt, til å oppleve Vassendgutane og Sunnmøre Baarelag saman.

– Det blir skikkeleg romjulsfeststemning, med mykje god country og bluesrock. Eg trur det blir ein skikkeleg fin miks av musikk, avsluttar Brautaset.