Kjende, animerte musikkvideoar skal gå i loop, og det vert både utstilling og sal av originalteikningar frå musikkvideoane i lokala til Norsk Animasjonsentrum under festivalen.

– Musikk og animasjon har alltid gått hand i hand, og dei to er blant lidenskapane mine i livet. Det er fantastisk at vi får til ei slik utstilling her i Volda, seier Dave King i Norsk Animasjonssentrum.

Knytt til Volda

Blant musikkvideoane som skal visast er desse: «Tom Waits for No One» regissert av John Lamb, «Take on me» (Aha) med animasjonar av Volda-venene Michael Patterson og Candace Reckinger, «Sledgehammer» (Peter Gabriel) produsert av Peter Lord sitt animasjonsselskap Aardman, «Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me» (U2) regissert av Dave King, og «Manmower» (Motorpsyco) regissert av Andres Mänd.

– Alle musikkvideoane i utstillinga har ei eller anna tilknyting til Volda, fortel Andres Mänd, også han i Norsk Animasjonsentrum. Både King og Mänd jobbar på animasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda, som har lang erfaring med å lage musikkvideoar for kjende artistar, t.d. Kvelertak og Elias Jung.

Store namn

Til Animation Volda kjem ei rekkje store namn innan animasjonsindustrien. Danny Antonucci er kanskje mest kjend som skaparen av «Ed Edd og Eddy», medan Joan Ashwort er professor i animasjon ved Royal College of Arts i London.

Norske Anita Killi og dottera Maja Arnekleiv kjem for å presentere filmen «Mammas hår», som har verdspremiere under festivalen.

Som vanleg vil det vere bolkar med vising av studentfilmar under Animation Volda, og i høve 10-årsjubileet er gamle studentar og tidlegare gjester inviterte til arrangementet.

Verdsleiande animatør med open førelesing

Animation Volda vert opna torsdag 22. september med at nytilsett professor ved Høgskulen i Volda, Peter Lord, held ei open, illustrert tiltredingsførelesing. Lord er grunnleggjar og leiar av Aardman Animations, som er det leiande dokkefilmstudioet i verda (Wallace & Gromit, Sauen Shaun, Morph, Pirates).

Seinare same dag er det galleriopning og opningsseremoni, og til slutt konsert med Egil Olsen. Festivalen varer til søndag 25. september.

Frå musikkvideoen «Hold Me, Thrill Me, Kiss Me, Kill Me», der Volda sin eigen Dave King var kunstnarleg regissør.
Frå musikkvideoen «Tom Waits for No One», regissert av John Lamb.