Ein skulle tru at nesten alle ungdommane i Sande var involverte på Breidablik denne dagen. Heile 67 deltok på arrangementet.

– I år prøvde vi på eit nytt opplegg, der alle deltakarane møtte opp klokka 10, og hadde program heile dagen. Vi hadde forskjellige workshops, og ungdommane fekk verte betre kjende med kvarandre, samtidig som dei fekk pressa inn nokre lydprøver. Ungdomsrådet, som i hovudsak er arrangørane av UKM, ser på dette som eit veldig vellykka arrangement, som vi håpar vi kan bringe vidare til neste år - og åra som kjem, seier Emilie Kvalen, leiar for Sande ungdomsråd.