– Eg kan bruke airbrush-metoden på alle typar underlag, berre det er tørt og toler strykejarn og klarlakk.

Laila Garlid (45) frå Garlid i Stryn driv med motivlakkering, eller airbrushing, som det også vert kalla. Med små lakksprøyter sprayar ho fram livaktige motiv på til dømes postkasser, bilpanser, husvegger, hestevogner, stålplater og lerret.

– Det mest spesielle oppdraget eg har hatt er vel å måle veggen på eit geitefjøs på Byrkjelo. Det var kjekt, og med vêret på mi side brukte eg to dagar på jobben, fortel ho. No prydar tre geitebukkar og fjellet Eggenipa utsida av fjøsveggen til Byrkjelo-bonden.

Teikna alltid

Laila Garlid har alltid likt å teikne og måle. I ungdomstida sat ho alltid og teikna i skuletimane, ofte i staden for å følgje med på tavla. I vaksen alder har ho måla ein del med akvarell- og akrylfargar på lerret.

– Det første eg såg av motivlakkering var nokre lastebilar. Eg syntest det var så fint, men trudde at airbrushing var veldig vanskeleg å få til, fortel 45-åringen.

Då ho for fire år sidan fekk nokre lakksprøyter i gåve av sambuaren sin, prøvde ho seg på teknikken, og det gjekk mykje betre enn ho hadde trudd. I airbrushing skjer ein gjerne ut malar som ein legg på underlaget og sprayar rundt. Det gjeld å vere nøyaktig når ein klipper sjablongane, og stø på handa når ein sprayar på måling. Til små detaljar må ein somme tider bruke pensel.

På kurs

Laila har gått på to kurs i airbrushing med Daniel Power frå Australia. Ho har også funne mykje inspirasjon i Ivar Åsland, som ho seier er den beste på motivlakkering i Norge.

Laila er ikkje så verst flink sjølv heller. Då ho tok til å leggje ut bilde på Facebook-sida si av postkasser ho hadde motivlakkert, kom det førespurnader om bestilling omtrent med ein gong.

– Kvar gong eg legg ut nye bilde av postkasser eg har måla, får eg fem-seks nye bestillingar. Eg skal motivlakkere 60 postkasser før jul, håper eg rekk det, ler Laila.

Ho har måla ein del postkasser med lastebilmotiv – postkassa vert dekorert slik at ho ser ut som førarhuset på lastebilen. Resultatet er så detaljert og nøyaktig at det nesten ser ut som om det er eit fotografi på kassa. Naturmotiv er også populære, det same er bilde av barn og dyr, og somme vil ha portrett av seg sjølv på postkassa.

– Eg målar det folk vil ha. Ein gong var det eit ektepar som ville ha Metallica-motiv på halve postkassa og Lasse Stefans-motiv på hin halvparten. Ei litt rar samansetning kanskje, men kunden bestemmer.

Ørner i svev

Laila Garlid bur på Garlid i Stryn, høgt oppe i lia med flott utsikt til bratte fjell og vatn. Rett som det er svevar det ørner over hustaka. Laila let seg inspirere av naturen når ho målar, og ho har jobba med ørnemotiv fleire gonger.

– Den første lastebilen eg måla var ein Scania som høyrer til transportfirmaet Sunde & Myren i Sunnfjord. Førarhuset fekk ørneauge framme, og ørner på sida. På den eine sida held ørna ein Volvo i klørne. Om eg må seie det sjølv, så vart det veldig bra, smiler Laila.

Ho har inntrykk av at det er få som er så stolte av yrket sitt og køyretøyet sitt som yrkessjåførar, og fortel at det hender at sjefar i transportfirma lønar med motivlakk den av dei tilsette som tek best vare på bilen sin.

– Ein bil med motivlakk er som ei vandreutstilling å rekne. Tenk kor mange fleire som får sjå kunstverket når det er på ein bil i staden for på veggen heime i stova.

400 blomster

Sidan Laila registrerte eige føretak for tre år sidan, har ho gjort fleire biljobbar. Ein Peterbilt, ein amerikansk lastebil, køyrer no rundt med ein hjort bak. Ein annan lastebil tilhøyrande Klokkehaug Maskin i Sykkylven, har også vorte dekorert av strynedama.

Akkurat no har ho har inne bestilling på eit panser med Pegasus-motiv, frå ein far til ein son på Røros. Og så var det denne elbilen, der Laila fekk frie taumar og valde å dekorere bilen med 400 blomster.

– Eigaren, ei dame frå Bergen, sende bilen til Stryn og eg fekk gjere kva eg ville med han. Det var eit kjekt prosjekt, eg leika meg verkeleg. Dama i Bergen vart godt nøgd.

Portrett

– Mitt inntrykk er at mange av dei som bestiller motivlakkering ønskjer å pynte opp i utemiljøet også, og ikkje berre inne i huset. Men når det er sagt så lagar eg bilde med airbrush på lerret også, til innebruk. Eg er glad i å lage portrett av folk, sjølv om det er ei krevjande oppgåve, seier Laila.

Redd for hendene

Ho driv ikkje berre med motivlakkering, men jobbar også 50 prosent i heimetenesta i Stryn. Jobben fører med seg mykje nattevakter, og Laila merkar at ho også jobbar best med bilda sine på sein kvelds- og nattetid.

– Eg kunne nok ha levd av motivlakkering åleine. Men eg er redd for å verte låk i hendene av all målinga, og vil helst halde på jobben i heimetenesta. Laila er sikker på at ho jobbar langt over 100 prosent til saman, men ho trivast godt i lakkeringsbua si og klagar ikkje.

– Det er kjekt når folk likar det eg lagar. Det er drivkrafta mi, forklarer ho. Motivlakkeraren får bestillingar frå heile landet, og somme gonger har det vist seg enklast at ho flyttar på seg for å utføre jobben.

Mike Lavallee

Det er tydeleg at Laila Garlid har blitt lagt merke til i airbrushing-miljøet i Norge. Nyleg fekk ho tilbod om å stå på stand under Oslo Motorshow i oktober, saman med mellom andre Mike Lavallee frå USA, som er verdskjend for flamme-teikningane han får til med airbrush.

– Det er til å få prestasjonsangst av. Tenk at eg skal få møte Mike Lavallee. Men det verste er at eg må ha med meg eit arbeid å vise fram. Ikkje veit eg kva eg skal lage, og i tillegg må det vere veldig bra. I garasjen har Laila eit bilpanser på lur. Det er svartlakkert og skapningen Gollum frå Ringenes Herre kjem omtrent krypande ut frå panseret. Kanskje det kan vere noko å ta med seg til Oslo?

– Nei uff. No blir eg litt stressa. Eg får tenkje på det litt seinare, og heller konsentrere meg om alle postkassebestillingane som står i kø.