Louise var eitt poeng frå førsteprisen i si klasse, skriv avisa Møre.

Louise Engeseth var ein av tre frå den regionale konkurransen for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, som fekk delta i den nasjonale meisterskapen. UMM er ein meisterskap i framføring av klassisk musikk for alle under 23 år.

– Eg fekk andrepris, og gjekk ikkje vidare til finalen. Men eg fekk mange gode tilbakemeldingar, seier ho til Møre.

16-åringen fortel vidare at ho fekk eit skikkeleg adrenalinkick av å stå på scenen under konkurransen, og at ho vart motivert til å øve vidare.

– Det var svært lærerikt å vere med, og eg har allereie bestemt meg for å delta i UMM neste år også, seier ho.