Møre og Romsdal fylkeskommune deler ut midlar til aktørar som skal utvikle ei Artist in residence-ordning i Møre og Romsdal.

Ordninga går ut på å tilby gratis arbeidsplass og bustad til profesjonelle kunstnararar frå inn- og utland, som ønsker arbeidsopphald i fylket vårt, fortel fylkeskommunen i ei pressemelding.

I alt fem søkjarar i fylket får støtte, to av frå Sunnmøre. Dei to er kunstnarfelleskapet Åtgaum i Volda og Studio Hugo Opdal på Flø.

Åtgaum satsar på å få til møte mellom kunstnarar og lokalsamfunnet. Fellesskapet har allereie mange samarbeidspartar og tilgang til internasjonale nettverk, noko som har resultert i interesse frå fleire internasjonale kunstnarar, opplyser fylkeskommunen.

Vidare fortel dei at Studio Hugo Opdal skal utvikle ein residency for visuelle kunstnarar på Flø i Ulstein kommune. Studio Hugo Opdal er allereie eit velrenomert galleri med stort internasjonalt nettverk, og residensen vil gje både publikum og profesjonelle kunstnarar i fylket inspirasjon og kompetanse.

Mange gode søknader

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å stimulere til vidareutvikling av det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal.

Derfor lyste dei i september ut prosjektstøtte til aktørar som vil utvikle toårig Artist-in-residence ordning.

Fylkeskommunen går inn med støtte på inntil 50 prosent, maks 150 000 kroner, av kostnadane i kvart prosjekt.

- Vi fekk inn mange gode søknadar, der nokre prosjekt utmerka seg. Vi har stor trur på at desse prosjekta vil bidra til å auke attraktiviteten til fylket som bu- og arbeidsstad for profesjonelle kunstnarar, seier rådgivar Carina Stokke i Møre og Romsdal fylkeskommune i pressemeldinga.

Utlysing og støtte til Artist-in-residence ordning for Møre og Romsdal er ein del av fylkeskommunen si satsing på kreative næringar.

<strong>Flyttar inn:</strong> Med mengder av lydutstyr, instrument og anna utstyr er Åtgaum Kunstlaug i ferd med å flytte inn i andre etasjen i Telebygget i Volda. – Siktemålet er å skape ein felles arbeidsverkstad for profesjonelle kunstnarar, og vere ein møtestad for andre utøvande personar i bygda, fortel initiativtakarane Trygve Nielsen (t.v.), Øystein Dahle Egset og Karl Oskar Breivik. Foto: Solfrid Vartdal
<strong>Sentralt:</strong> Her i det gamle Telebygget i Volda har Åtgaum Kunstlaug leigd seg inn i andre høgda. Foto: Solfrid Vartdal