- Det var så kaldt at kaffekanna var sundefrosa, fortel Roger Korsnes frå Hareid. Han har ti sesongar bak seg på selfangst i Vestisen på 60- og 70-talet. Selfangsten vart drive i kombinasjon med anna fiskeri.  På Sunnmøre var Brandal eit senter for selfangsten, som var rekna som både farefull og eventyrleg.

- Det var nesten ingen på Brandal som ikkje hadde vore i isen, seier Korsnes, som sjølv er frå Hareid.

I høve 100-årsjubileet til Sunnmøre Fiskarlag viser Smp.no klipp frå fiskarfilmen «Ut mot havet», utgjeven av Sunnmøre Fiskarlag på 50-talet. Her er unike bilete frå fiske og fangst, også selfangst.

Storfiskarar episode 9: Ishavseventyret.