24 av dei 26 kommunane i fylket var representerte. Her ser du kven som skal representere Sogn og Fjordane på UKM-festivalen i Trondheim 22. - 26. juni.

Sjå også: Slagkraftig ung kultur

SCENE:

Jury: Madelene Berg, Stig Ese Eliassen, Ane Jørgine Frøyen og Laila Beathe Førde.

Juryen seier dette om innslaga dei sende vidare:

Jon-Fredrik “Joffen” Hopland, Stryn - trommesett - “The Next Episode, Let´s Go and Sunlight (Joffen Remix)”:- Viste overskot og hadde god kontakt med publikum. Det er også eit pluss at musikken med overgangar og effektar var sjølvmiksa. Eit show!

U Nork, Eid – rock – “Today”:- Bandet imponerte juryen med dynamisk, groovy og feit rock. At låta dei framførte i tillegg var heimelaga, er eit pluss.

Lotte Bukve Kjødnes “Restless Child”, Gloppen - dans - ”Nightmare”:- Inspirert av mareritt, noko som kom tydeleg fram. Lotte tok med seg publikum inn i marerittet sitt på ein kreativ og interessant måte. Skarpe og fine rørsler og bruk av ulike nivå (på golv og ståande).

Hotclub de Sogndal, Sogndal – stringswing – Swing Guitar:- Godt samspel og god teknikk. Spennande sjangerval framført med eit godt glimt i auget.

Patrick Sjøstjerne, Askvoll – „Comptine d’été”:- Bandet syner at det ligg tanke bak både musikk og framføring. Stemningsfull og kreativ musikk med innslag og inspirasjon frå mange sjangrar sørga for at bandet skilde seg ut.

UTSTILLING:

Juryen, Elisabet Berg og Tommy Bredesen, uttalar:I år er det hovudvekt innanfor fotografiske teknikkar, men eit stort antal sjangerar er representerte. Vi merka oss fleire lovande talent blant dei aller yngste. I åra som kjem håpar vi å sjå meir arbeid innan design. Frå årets utstilling er det arbeid innanfor foto, skulptur, design og biletkunst som går vidare.

Juryen seier dette om utstillingsarbeida dei sende vidare:

- «Puslebord»: Trearbeid/møbel av Kristine Rake (17) frå Stryn. - Godt utført handarbeid. Kreativt og spennande idé og design. God balanse mellom form og funksjonalitet.

- «Tjue elleve i 150 delar» -fotobok av Johanne Nyborg (17) frå Gloppen: - Modent og personleg uttrykk innanfor fotografi, med klar inspirasjon frå dagens samtidsfoto. Omfattande samling av bilete som held jamnt høgt nivå.

- «PC-Pitbull» - ”skulptur” av Jens Lysne (14) frå Lærdal: - Eit morosamt, kreativt innslag som også demonstrerer god formsans. Original form for gjenbruk.

- «The Guardian» - linotrykk av Marta Osland Lavik (19) frå Jølster/Askvoll: - Linotrykk som viser svært høg teknisk kvalitet. Flott bruk av komposisjon, linjeføring og fargar. Klarer å formidle ein spennande idé på ein overbevisande måte.