Ørsta og Volda Bryggjarlaug består av Eirik Hoem, Kjell Bjarne Bjørdal og Thor Humberset.

Leiaren av vinnarlaget, Thor Humberset, rådde dei andre deltakarane om å brygge med pors, slik dei har gjort. Det er kjent at pors i gamal tid vart nytta i ølet i staden for humle.

37 deltakarar

Det var i alt 37 deltakarar med over 70 øl som konkurrerte i år, og av dei kom 12 til finalen.

Andreplassen gjekk til Jørund Geving frå Stjørdal, som vann i fjor.

Honndølen Frode Espe frå Espe Bryggeri tok imot tredjeprisen.

Publikumsprisen

Det vart også delt ut andre prisar under festivalen.

Olav Sverre Gausemel frå Hornindal vann publikumsprisen, slik han også gjorde det i fjor og i forfjor.

Amund Polden Arnesen, profesjonell ølbryggar frå Oslo, vart tidelt William Holden minnepris.