Det skjer under Oslosenteret sitt årlege seminar.

– Det er spesielt at draum og verkelegheit blir til eitt på denne måten. Walesa er ei legende, som har skrive namnet sitt med i historia. Det er ei stor glede for meg å få møte Walesa, vise han biletserien og fortelje han korleis den vart til.

Det seier Einar Magne Flø om det kommande møtet med fagforeiningsleiaren som fronta dei store streikane ved Lenin-verftet i Gdansk på 80-talet. Han danna fagorganisasjonen Solidaritet og kjempa fram retten til å danne frie fagforeiningar i Polen.

Flø er innom atelieret sitt i gamleskulen på Ulstein. Der langs veggene står dei tretten, store akvarellane, han ut frå ein draum om Walesa måla tidleg på 1980-talet, og som utgjer serien «Draumen om Lech Walesa».

Kontakta av Bondevik

Komande tysdag skal verka stillast ut i foajeen i Hotel Bristol i Oslo, der Oslosenteret skal arrangere sitt årlege seminar for rundt 180 deltakarar.

Hovudtalar er fagforeiningsleiar, fredsprisvinnar og tidlegare president i Polen, Lech Walesa.

Temaet for årets seminar er om demokratiet i Europa er på tilbakegang?

Det var leiaren for Oslosenteret for Fred og Menneskerettigheter, Kjell Magne Bondevik, som tok kontakt med Einar Magne Flø, og inviterte han til Oslo i høve Walesa si deltaking på seminaret.

Ørstingar bak

– Ideen dukka opp litt tilfeldig, fortel Kjell Magne Bondevik og legg til.

– På Kolbotn der vi bur har vi nokre vener frå Ørsta. For ei tid tilbake snakka vi om seminaret og Walesa som kjem til Oslo. Det var då dei fortalde at dei kjende til Flø og hans Walesa-serie. Slik vart eg sett på ideen om å få kunstnaren til Oslo for å vise verka.

Bondevik fortel at Einar Magne Flø i hovudsak har to roller under seminaret. Om tida strekk til skal kunstnaren ta med Lech Walesa på omvising av bildeserien før han skal halde talen sin.

– Som takk for foredraget skal eg på vegner av Oslosenteret overrekke Walesa ei gåve, som er eit av Flø sine bilete med Walesa i motivet. Når overrekkinga skjer, vil eg kalle både Walesa og kunstnar Flø opp på podiet saman med verket, fortel leiaren av Oslosenteret.

– Har du sett Flø-serien «Draumen om Lech Walesa?

– Nei, ikkje anna enn på nettet. Så dette blir ei ny oppleving også for meg, når serien blir stilt ut på tysdag, seier Bondevik.

Krevjande arbeid

– Spanande og krevjande arbeid. Slik omtalar Einar Magne Flø arbeidet med «Draumen om Lech Walesa», som han måla ut frå ein draum han hadde om Walesa, hendingane ved Lenin-verftet og dei store streikane i Polen.

– Eg drøymde om møtet med Walesa natt til 13. desember 1981,- den natta han vart arrestert. Den tida arbeidde eg med ein annan stor serie «Båtdraumen Norway», så det passa dårleg å byrje på noko nytt. Men opplevinga med Walesa-draumen var så sterk at eg måtte berre gripe fatt i den, fortel kunstnaren som brukte vel eitt år på gjere ferdig «Draumen om Lech Walesa».

Første møtet

Bildeserien er tidlegare blitt vist fleire stader i Norge, og som vandreutstilling Gdansk, Krakow og Warszawa.

Om Walesa har sett bildeserien er Flø usikker på.

– Då Lech Walesa fekk tildelt Nobels fredspris i 1983 laga Oddgeir Bruaset og NRK eit TV-program om meg og «Draumen om Lech Walesa. Han fekk tilsendt programmet på ein kassett, og eg fekk takkebrev tilbake. Anna kontakt enn dette brevet har vi ikkje hatt, så det blir stort å treffe Walesa i Oslo, seier ein spent kunstnar.

Fredsprisvinnar. fagforeiningsleiar og tidlegare president i Polen, Lech Walesa, er hovudtalar på Oslosenteret sitt seminar. Foto: NTB SCANPIX