Nok eit skulefoto. Denne gongen dreg vi oss lenger sør og gjestar eitt nytt påhitt ved Ørsta ungdomsskule.

I starten av november 1985 hadde dei nemleg stelt i stand kantine og miljørom for dei oppveksande slektene.

Miljørommet vart opna i det store friminutt tysdag», les vi onsdag 6. november.

Ho fortel at rommet også kan nyttast på kveldstid til elevfestar og ulike aktivitetar», står det vidare å lese.

Til høgre grublar ein kar på neste trekk over sjakkbrettet.

Dei har det monaleg enklare gutane heilt til venstre. Kina-sjakk torer vel òg vere betre tilpassa eit middels langfriminutt.

Spelet som vekkjer dei kjekkaste kjenslene her i tiårredaksjonen er likevel «kurongen» bak til høgre. «Couronne»!

Før om åra laga dei mest ambisiøse slikt på sløyden. God, gamaldags analog moro.

I dag gnikar dei unge heller på seg leddgikt, med nasen langt nede i app-ane sine...

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.