«Kven har drepe påskeharen»

Krim høyrer påska til. «Kven har drepe påskeharen», var tittelen over tre akter på Stranda. Oppklaringa skjedde på scena etter to oppvarmande akter på storskjerm.

Opptakta var at ein saftig påskehare vart funnen avliden i den lokale jernvareforretninga.

Trass fleire mistenkte tok det tid før inspektøren (Kristin Slettum Olsen) hadde løysinga: Nærradioen hadde spela historia om haren, eller jasen, som ville kjøpe gulrotsaft av åmdalingen Oddbjørn Brautaset, så mange gonger at det hadde gått Radio Storfjord sin hardtarbeidande Ole Johan Slyngstad på nervane. No hadde han, i eigen person, teke affære med den velvaksne påskeharen.

Grevinna og hovmeisteren

Litt uventa var jase (hare) og poteter hovudretten i ein knakande god variant av «Grevinnen og hovmeisteren». Grevinna, spela av May Katrine Løvoll, sat i ånda til bords med Ole Magnar Kjølås, Yngve Hågensen, Gabrielle Leithaug og Herborg Kråkevik.

Hovmeisteren i Synnøve Espe Solheim sin skapnad jobba hardt gjennom heile seansen, og vart til sist akkurat like balansesvak som kollegaen på fjernsyn veslejulaftan.

Språkproblem

Utlendingar i helsevesenet kan frå tid til anna truge folkehelsa. I alle fall fekk ein det inntrykket når den danske legen, Thor Olav Drege, skulle kurere samekvinna for forstopping.

Dei prata heile tida forbi kvarandre, men legen skal ha ros for å vere særs ivrig og granskande i det utvida leiteområde. Slett ingen skrivebordslege som var redd for å bli skiten på fingrane.

Dagmar

Orkanen Dagmar vart ei ulukke for heile strandasamfunnet og bygdelaga ikring. Men var alle herjingane denne fyrste juledagnatta Dagmar sitt verk …? På Hellesylt stod fotballspelarar og campingturistar hand i hand og på bar bakke. I Strandadalen låg løene flate, men kva med Hevsdalen..?

Her avdekka revyen ei til no ukjend side. Røde Kors-hytta vart ikkje teken av Dagmar, men som fylgje av ei feilsprenging av aksjonistar frå sunnylvsbygda. Heishuset til Fursettrekket, som var målet, vart teke i sprenging nummer to. Dei to mistenkte vart viste fram på storskjerm – ikkje akkurat lettvektarar i lokalmiljøet, det skal seiast. I samband med denne saka fekk sunnylvingane litt overraskande òg presentert sine tre T-ar: Ting Tar Tid.

Song til orkesteret

Revyen slutta med ein songhyllest til revyorkesteret frå sceneaktørane. Vel fortent, etter som Peder Lundanes (bass), Morgan Pedersen (gitar), Erling Ove Berstad (slagverk) og Gunnar Inge Eide (tangentinstrument) kvar på sin måte løfta revyen.

Les fleire kulturnyheter på smp.no Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Takk. Revyaktørane avslutta ein fin revy med takkesong til orkesteret sitt.