Frå scena i Operahuset Nordfjord blei desse plukka ut til å gå vidare til fylkesmønstringa i Sogn og Fjordane:
Alexa Valentina, song, Ingeborg Myklebust, song/piano, rockebandet Jellylegs og popgruppa Maren, Johan & Sunniva.
Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no
Fire utstillarar er også plukka ut og skal representere Eid på fylkesmønstinga. Det er Ugne Gedvilaite, teikning/doodlebook, Akvile Naraskeviciute, smykkekunst, Anna Teresa Villar Sundal, novelle og Anna Henden Rand, måleri.
Dan Aasebø i kulturskulen opplyser at UKM i Eid i år hadde nokre færre deltakarar enn før om åra. Det skuldast etter alt å døme kollisjon med fleire andre kulturarrangement.
Les også: Store forskjeller i oppslutninga om UKM
Unge dansarar og musikarar, som elles kunne ha vore med på UKM, var med på kyrkjeturneen til Opera Nordfjord. NM i Brass var truleg også ein konkurrent.