Månader med øving gav eit flott show i Ørsta kulturhus fredag kveld, der alle utøvarane etter tur fekk vere i fokus fremst på scena, skriv Mørenytt.

Sjå stor bildeserie frå showet

Arrangør Ørsta og Volda Ballettskule viste fram stor variasjon, frå rolege stemningsfulle dansar til tøff hip-hop. Det er ikkje heilt fritt for gutar i ballettgruppa, og deira fellesnummer fekk stor applaus.

Også koreograf Heather Taws og lyssettar og scenograf Jiri Nagi må få ære for den forrykande framføringa.

Les fleire kulturnyheter på smp.no