– Det er ikkje noko poeng at personane er målar er attkjennande. For meg er det viktig å fange augneblinken og sinnsstemninga personen er i. Det seier biletkunstnaren Robert Steinnes.

Han brukar både seg sjølv og folk i nærmiljøet sitt som modell. Fredag opnar separatutstilling i Kunsthuset i Ørsta.

Kjensler

Hans første separatutstilling var 17. mai-utstillinga i Volda kunstlag i 2008. Då var det ulike kjensler og sinnsstemningar som knyter seg til det å vere menneske som var tema i måleria hans.

Den same tematikken viser seg i dei rundt 20 abstraherte figurative måleria han viser på veggene i Kunsthuset. Nokon tittel har Robert Steinnes ikkje sett verken på utstillinga eller det enkelte måleri.

Stemningar

– Titlar avgrensar for mykje opplevinga av bilda. Det viktigaste er kva den enkelte får ut av motivet, og stemninga bilda gir, meiner kunstnaren som hadde «Observasjonar» som arbeidstittel medan han jobba fram denne utstillinga.

– Eg er oppteken av det som skjer rundt meg,- av den stigande grad av sjølvsentrering som skjer i samfunnet. Vi menneske blir meir og meir individualistar og opptekne av å vise oss fram. Det einsame mennesket, og kjensla av å ikkje strekkje til er og tema eg stadig kjem tilbake til i bilda mine, fortel kunstnaren som ofte får høyre at han målar triste bilde.

Det er 37-åringen bak motiva ikkje samd i.

Kraftfullt

– Figurane eg målar er både kraftfull og stolte, og stemningane eg skildrar er både i dur og moll, meiner Robert Steinnes som jobbar med kontrastar og nyttar heile fargespekteret når han formar menneskefigurane sine.

I mange av bilda brukar eg mykje svart, og det er lenge sidan eg tenkte at kroppane må ha hudfarge. No målar eg dei både svarte, raude og blå alt etter den stemninga eg vil skape. Dessutan har eg gått bort frå det perfekte. I staden jobbar eg for å lage meir struktur i motiva slik at overflata i seg sjølv skal fortelje noko mennesket eg framstiller, fortel han.

Musikk

Robert Steinnes høyrer mykje på jazz og klassisk musikk når han målar.

– Og på radiodokumentarar. Det er mykje stemningar og kjensler i dokumentarane, så både dei og musikken er med på å prege bilda eg målar, fortel 37-åringen som jobbar med å restaurere gamle hus når han ikkje er i atelieret sitt og målar.

– Kva er det som gjer at menneske er det som stadig er i fokus i bilda dine?

– Eg har alltid vore oppteken av å teikne og måle menneske. Det har eg gjort sidan eg var smågut, fortel bildekunstnaren og legg til:

– Er ein ærleg nok med seg sjølv, er det berre å sette i gang. Det er eit hav av motiv å ta av. Vi er alle komplekse personar. Mitt siktemål er å skilde ein flik av alle sinnsstemningane som bur i oss menneske.