– Vi har opplegg for barn og unge i Ivar Aasen-tunet gjennom heile skuleåret, så det er naturleg for oss å byggje vidare på dette, fortel Widerøe.

Det er «morsmål» som er tema for årets utgåve av Dei nynorske festspela.

– Festspela er eit godt høve til å gjere nye, nynorske barnebøker meir kjende, seier kommunikasjonsrådgjevar i Ivar Aasen-tunet, Laila Walseth Lid.

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

Festsprell

Dei nynorske festspela har også tidlegare hatt programpostar retta mot barn og familiar, men i år er tilbodet altså utvida, og satsinga har fått namnet «Festsprell».

Blant Festsprell-programpostane er blant anna framsyninga «Eg ler meg i hel», basert på faktaboka «He he» av Erna Osland.

Det er skodespelarane Ingeborg Stige og Frøydis Flotve som har laga framsyninga.

Sjølvsagt blir det også høgtlesing for barn under nynorskfestspela. Christian Wik Gjerde vil lese frå og fortelje om boka si «Jakta på Firkløveren».

På barneboktua Høgetua ved Aasen-tunet, og på barneboktuer i Volda, Ulsteinvik, Hareid, Herøy, Sula, Hornindal og Stryn vert det høgtlesing frå ei av festspeldiktar Ruth Lillegraven sine bøker om Mari og Magnus.

For å høyre festspeldiktaren lese sjølv, må ein ta turen til fargerik familiedag på Volda bygdetun, der det m.a. vert farging av garn og fargar på mange språk og dialektar.

Sjå heile festspelprogrammet

<strong>samarbeid:</strong> «Festsprell» er eit samarbeid med m.a. Volda bygdetun, her representert ved avdelingsleiar Cecilie Rørstad (t.v.). I midten ser vi programansvarleg i Ivar Aasen-tunet, Åshild Widerøe, og til høgre kommunikasjonsrådgjevar i Ivar Aasen-tunet, Laila Walseth Lid.