Sjå konserten over
– Men eg spelar både pop, rock og gamaldans. Eg prøver å spele så mange musikksjangrar som muleg, for å kunne ta på meg ulike speleoppdrag. Men det er klassisk musikk eg satsar på, forsikrar vinnaren av solistprisen under Fjord Cadenza i fjor.
Klassisk
I dag er 17-åringen frå Ørskog klar for Scena på smp.no, der ho skal framføre dei tre klassiske verka Sonate i A-dur av Dominico Scarlatti, Vintermorgen frå barnesuite av Zolotarev og Asturias av Isaac Albéniz.
– Kvifor har du valt nett desse verka?
– Fordi det er stor variasjon i stykka,- frå lystig barokkmusikk, til det rolege og vidare til musikk som er teknisk krevjande. Dette er stikkord for kva type musikk eg ynskjer å spele.
Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no
Starta som 5-åring
Ingrid Johanne Fylling Nupen starta å spele trekkspel som 5-åring, og har vore aktiv i trekkspelorkester i Ørskog sidan då.
Ho har og spelt seg til fine plasseringar i ungdommens kulturmønstring, delteke i mange distriktsmeisterskap og NM i trekkspel. Gull tok ho under NM i 2008 og 2011.
Solist har ho vore med Big Odd Band og Ålesund Symfoniorkester, og «Drømmestipendet» og Ørskog Sparebank sin «Ungdomspris» har ho fått.
– For pengane har eg kjøpt meg nytt trekkspel, fortel Ingrid Johanne som no går 2. året ved musikklina ved Fagerlia vidaregåande skole i Ålesund der ho har akkordeon som hovudinstrument.
Les flere kulturnyheter på smp.no
Til Oslo for å øve
Fordi skulen ikkje kan skaffe henne lærar i klassisk trekkspel, reiser ho til Oslo annankvar helg for å ta trekkspeltimar med Erik Bergene som underviser ved Norges musikkhøgskole.
Der er ho no i vinterferien også, for kombinere fri med å ta trekkspeltimar.
Tidlegare på Scena: Se konsert med Robert PostSe konsert med Tellef RaabeSe utdrag fra musikalen JungelbokenSe utdrag fra Bybrann-musikalenSe Sigrid Solbakk Raabe-konsertenSe Stig Ulv-konsertenSe Liv Håker-konserten