Historiene er mange, og i motsetnad til andre karakterar, er Mattis-sogene sanne. Alle!

Han hadde denne eigne evna til å få folk i tale og mjukne dei opp framfor kameraet sitt.

Eit prima døme på dette er tiårbildet i dag. Det vart rett nok ikkje nytta i si tid. Men sjå kor dei lyser opp. Kva han sa eller gjorde anar vi ikkje. Men det fungerte, som vi ser.

Saka var at desse blidspente bank-tilsette i Langevåg var berga. Døgeret før hadde sjølvaste Hovudstyret i Kreditkassen snudd på flisa og avgjort at filialane på Larsnes, Stranda og i Sula skulle få drive vidare.

Dei leid same snille skjebnen som åtte andre nedleggingstruga kontor rundt om i landet.

«Dermed har den hektiske aktiviteten, ikkje minst frå lokalpolitikarane i dei berørte kommunene, bore gode frukter. Og sjølvsagt sto jubelen høgt i taket då gladmeldinga nådde dei truga bankavdelingane i går ettermiddag», skreiv Torbjørn Vidhammer 27. januar 1993.

Både «Tobben» og Mattis er avlidne, men vi sit her og kosar oss med med mange gode minne frå dei båe.

«Sjølv om Kreditkassen nå avviklar 11 færre ekspedisjonsstader enn opphavleg planlagt, reknar banken likevel med å kunne innfri kravet frå Statens Banksikringsfond om ein kostnadsreduksjon på åtte prosent over to år», les vi vidare.

«Blårussen» var hard i krava sine, då som no.