– Eg er spent på filmen. Sjølv om eg brukte eit par dagar på statistjobben, så reknar eg med at det ikkje er mange sekunda eg er å sjå. Men det er såpass sentrale scener som er spelt inn her på Godøy, at nokre glimt av meg og Tilde er nok med, trur Hans Petter Godø.

Saman med barnebarnet Tilde Rørvik Godø er 65-åringen av dei rundt 80 lokale statistane som deltok då nokre av scenene i dramatiseringa av Lars Saabye Christensen sin roman vart spelt inn på øya.

Vil bli skodespelar

Søndag kveld set dei seg til rette framfor TV-skjermen for å sjå første episode av serien.

– Det var kjekt å vere med på filminga, og no lurer eg på kva for ei episode eg er med i. Det blir spanande å sjå, kjem det frå 9-åringen. Tilde Rørvik Godø fortel at ho har planar om å bli skodespelar når ho blir stor.

– Det hadde eg bestemt meg frå før, men eg har fått endå meir lyst til å bli skodespelar etter at eg var med på «Halvbroren», fortel Tilde som slett ikkje tok skrekken av mange opptak frå tidleg morgon til langt på kveld, og regn og vind den dagen opptaka gjekk føre seg på Alnes..

– Faktisk var det like surt og kaldt då som i dag, seier Hans Petter Godø i motvind og ser utover havet der bølgjene går kvite. To dagar før TV-premieren på «Halvbroren» er han og barnebarnet tilbake på Alnes der dei for vel eit år sidan hadde statistroller i dramaserien.

Ung statist

Benke seg føre TV-en på søndag kjem og Marte Tennebø Rødset og resten av familien til å gjere. Marte er mor til vesle Signe, som har ei av rollene som baby-Barnum.

Signe som blir to år i mai, var ikkje meir enn fire månader gamal då ho deltok i innspelinga av scena då Barnum vart døypt.

– Skodespelar er nok ikkje med i karriereplanane for Signe framover, ler mor Marte. – Men det er artig at ho er med i serien, om det berre er nokre sekund,- særleg fordi innspelinga skjer på Godøy.

Marte Tennebø Rødset fortel at det var eit forferdeleg vêr den dagen eit område ved Alnes fyr vart omgjort til kyrkjegard, og Signe som Barnum vart døypt.

– Ho hadde på seg mykje klede under dåpskjolen, så det gjekk fint, fortel ho.

Denne dåpsscena er ei av scenene Hans Petter Godø og Tilde Rørvik Godø og deltek i.

Mange statistar

Det var i september i fjor at folk frå Godøy, Ålesund, Sula, Skodje, Sykkylven og fleire andre stader på Sunnmøre kom til Godøy for å vere statistar der handlinga i dramaserien går føre seg på Røst.

– I filmen blir Godøy omgjort til Røst, fortel ålesundaren Benedicte Moa som var statistansvarleg i Monster Film, som produserte dramaserien for NRK.

Positiv gnist

– I samband med innspelinga var det ein positiv gnist gjennom heile Godøy, som gjorde jobben min lett. Det seier Iver Bostad. På oppdrag frå Monster Film var han ansvarleg for å plukke ut dei ulike innspelingsplassane på Godøy.

– Ein veldig givande og artig jobb, først og fremst fordi grunneigarane var lette å jobbe saman med. Eit stort antal grunneigarar måtte kontaktast før det kunne riggast opp til innspeling, seier Iver Bostad. Han fortel at mellom anna eit kyrkjespir vart sett opp, og ein kyrkjegard vart laga til på marka ved Alnes fyr. På ein molo på Dyb vart ein bil av merke Buick plassert før filming.

Fine scener

Benedicte Moa veit ikkje kor mange av scenene som vart spelt inn på Godøy som er med i den ferdige serien, men ho antar at «Halvbroren» inneheld mange klipp av fint landskap og fine scener frå Dyb og Alnes.

– Slike klipp var iallfall med i traileren NRK marknadsfører dramaserien med, så eg går ut frå at det blir meir av det same i sjølve serien, seier ho.

Iver Bostad fortel at regissør Per Olav Sørensen var svært nøgd med Godøy som innspelingsstad.

– Til meg sa han at han gjerne skulle ha spelt inn fleire scener på Godøy, fordi naturen og omgivnadene der er så vakre. Scener frå øya omtalte han som fint krydder, han gjerne skulle hatt meir av gjennom heile dramaserien, fortel karen som plukka ut innspelingsplassane på Godøy.

Ung statist. Ei smilande Signe (4 mnd) i ein pause i filminnspelinga saman med mor Marte Tennebø Rødset.
På staden. Hans Petter Godø og barnebarnet Tilde hadde begge statistroller under innspelinga på Alnes. – Det var like dårleg ver då som i dag, fortel dei to som er spent på å sjå «Halvbroren» på TV. Foto: Morten Hjertø