Korfor eg skriv?

Svaret er enkelt: fordi eg ikkje klarer å la vere. Det er noko som ligg der og pressar og vil ut, vil ned, vil materialisere seg. Valet ligg i å vise det eg skriv til nokon andre, å byrje tenke på ein lesar. Å ta valet om at noko av det eg skriv skal prøve å bli ei bok og ikkje berre bli liggande der i skuffa.

Å skrive er fleire ting. Det er å sjå, å hugse, å vise. Det er å tenke, argumentere, diskutere. Det er å gjenskape, omskape og å skape noko heilt nytt. Ei ny bok startar med ei kribling i magen. Eg finn noko i ei historisk kjelde, fangar opp eitkvart i eit føredrag, ein artikkel, ei museumsutstilling. Eg noterer og hovudet byrjar å arbeide. Det kan gå år frå kriblinga oppstår til boka står i hylla. Kanskje skriv eg ei anna bok i mellomtida. Men viss kriblinga fortset, betyr det at noko ligg der og veks.

Skrivinga er annleis no enn i byrjinga. Med den første boka visste eg ingenting. Eg visste korleis bøker kunne vere, for eg har alltid lese mykje, men eg visste ingenting om korleis ein skreiv dei, eller aller mest: korleis eg skulle skrive dei. Eg måtte prøve meg fram, ta val. Tematikk, synsvinkel, form, språk, målgruppe.

Då eg forstod at eg kunne bruke masteroppgåva i historie som førelegg for ein roman, var det noko som losna. Men eg visste ikkje korleis eg skulle skrive ein historisk roman på min måte, visste berre at eg ikkje ville gjere det på andre sin. Eg ville, og vil framleis, skrive annleis historiske romanar. Eg vil skrive historiske romanar slik eg kunne skrive om mi eiga samtid, utan distanse. I arbeidet får eg vere forskar og forfattar samtidig. Eg gjer kjeldearbeid, leitar og leitar. Lever for den vesle jubelen i bringa når eg finn. Så går eg heim og skriv, levandegjer funna frå kjeldene, skriv fram menneske, omgivnader og dialogar; skaper, gjenskaper og omskaper. Så stoppar det opp og eg må tilbake, til dei tunge arkivboksane, dei støvete protokollane, mikrofilmrullane og fagbøkene.

Eg har ingen spesielle rutinar for å kome i gang. Det einaste eg treng er ro og rom. Eg må ha det stilt rundt meg, vil ikkje ha nokon som ser eller høyrer meg. Eg vil ha nokre dagar i strekk der eg veit eg kan fordjupe meg skikkeleg. Eller fortape meg.

Det beste er å skrive på dagtid. Det beste er å verken vere svolten eller tørst eller tissetrengt. Og når eg står fast er det aller best å gå seg ein tur. Åleine.

Eg vurderer ikkje arbeidsdagen utifrå kor mange teikn eg har produsert eller kor mange timar eg har lagt inn. Eg skriv ikkje på boka ein dag eg ikkje har noko å skrive, då gjer eg noko anna, elles blir det rot og meirarbeid.

Eg skriv det eg klarer, så ofte eg klarer, og når eg blir lei eller tom, prøver eg litt til. Og når eg verkeleg er lei og tom, gjer eg noko anna, ofte går eg til kjeldene.

Eg liker aller best å skrive før eg har vakna heilt. Ligge i senga, godt oppstabla med puter, og skrive. Før filteret er på plass. Nokre sperrer som manglar når ein ligg slik og skriv og ikkje er skikkeleg vaken. Det skjer berre når eg er langt inne i skriveprosessen, når eg er så godt i gang at eg skriv i søvne og når eg burde sove, når eg snakkar med andre, når eg et middag.

Det nest beste er å byrje rett etter frukost. Difor liker eg å skrive heime. Ikkje måtte ordne meg, gå på bussen. Berre setje meg til i ei still leilegheit og gå inn i ei anna verd. Ei verd som ligg der urørleg, men blir levande som ei maurtue når eg stikk kjeppen inn i henne.