Mariann Thommassen heldt seg i bakgrunnen saman med resten av fagjuryen. Laurdag kveld var det andre artistar som stod på scena og i fokus.

Ungdommens Kulturmønstring for Stryn og Hornindal hadde i år heile 35 sceneinnslag og 41 utstillarar.

Sjå bilda frå UKM Hornindal og Stryn

Og den profilerte artisten som ikkje minst er kjend frå Surferosa, var imponert over det ho såg og høyrde.

– Eg vil ikkje halde fram nokon spesielt, men her er heilt sikkert nokon som kan bli artistar, seier Mariann Thommassen til Sunnmørsposten.

Avslører triksa

Ho var sjølv med første året Ungdommens kulturmønstring var arrangert. Det var i 1989.

– Eg hadde med ein trolldeigfigur. Og den figuren kom heilt til Namsos, smiler ho.

I 13-årsalderen var ho igjen med og song. Fleire gonger kom ho til fylkesfinalen.

– Og i 1997 eller -98 så kuppa vi heile greia og var i landsfinalen. Då hadde vi avslørt at det handla om formidling og originalitet, seier ho og gir tipset vidare til dagens UKM-deltakarar.

Vanskeleg jobb

Thomassen meiner UKM er ein fin arena for å utvikle seg og levere det ein har jobba hardt for. Alle dreg lasset i lag og dei eldre inspirerer dei yngre.

Juryen hadde ein vanskeleg jobb med å plukke ut deltakarar til fylkesmønstringa i Operahuset Nordfjord i april. Men etter ein pause med loddtrekning og utdeling av diplom og roser til deltakarane, var juryen klar.

Dei som gjekk vidare - utstilling:

Frå Stryn: «Ei verd av Fimo», ei settekasse fylt med små figurar av leire som Maria Thaule har laga.Teikning av Ann-Elen Paulen Drageset.Eit spesielt bord, laga av Kristine Rake.

Frå Hornindal:

Bjørnerelieff og nøkkel, treskjering som Oda Ludvigsen har laga.Eit landskapsmåleri som Rita Lødemel har målaEit landskapsmåleri som Mona Sofie Nygård Seljeset har måla.

Dei som gjekk vidare - sceneinnslag:

Frå Hornindal: Tore Lødøen, trommesoloThe Sweetness, rock med Andrea Kroken, Bjørnar Taraldset, Eskil Seljeset, Geir Muldsvor og Jonas Røberg.Tre tauser på 2-radar, toradarmusikk med Sonja Holmøy-Wang, Kamilla Seljeset og Susann Gausemel.

Frå Stryn: Jon Fredrik «Joffen» Hopland, trommesoloPrenominal, metal/hardrock, med Bjørnar Egge, Torje Breidablikk, Endre Berstad, Ola Nygård og Svein E. RaudiNikolai Storevik og Sverre Sandvik, folkemusikkSiri Tenden, songGo Ahead, popgruppe med medlemer frå Stryn og Hornindal: Jon Fredrik Hopland, Georg Lipai, Runar Netland og Martin Gausemel.

Les reportasje i Sunnmørsposten måndag 6. februar

Les fleire kulturnyheiter på smp.no Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre, Stryn og Hornindal på smp.no

Mona Sofie Nygård Seljeset (13) har måla eit landskapsbilde som går vidare til fylkesmønstringa. UKM Stryn og Hornindal 2012. Foto: Anne-Mari Tomasgard