Songgruppa desiBelle består av åtte jenter på 11 og 12 år frå Volda. Gaute Øvereng er dirigent og låtskrivar, og far til to av jentene i gruppa. Det er han som har laga årets julesong "Himmelretning jul"

- Sidan 2005 har eg laga minst ein ny julesong til kvar jul, og spelt inn som ei julehelsing til vener og kjende. Dei siste fem åra der det jentene mine som har sunge, og i år fekk vi med heile desiBelle, seier Øvereng.

Han fortel at "Himmelretning jul" handlar om å finne fram, eller helst tilbake, til jula slik ein vil ha den - og då med den velbrukte reisemetaforen "heim til jul" som eit slags utgangspunkt.

(saka held fram under bildet)

Mesteparten av "Himmelretning jul" er skriven på reise, på flytoget frå Oslo og på Gardermoen ein dag i november. Musikkvideoen er spelt inn i Ivar Aasen-tunet i Ørsta, og i tillegg er det med nokre bilde frå strekninga Volda-Molde.

DesiBelle vart starta i 2013, mest som eit prosjekt for å lage ein jule-CD for barn. Sidan har gruppa halde fram med små og store oppdrag, konsertar og ein CD til.