Vekerevyen 2012 har fått namnet «Bokstavelig talt», og det vert reklamert med at den er full av god humor med ord og bokstavar. Skodespelarane på scenen gjer sitt beste for å vise kor mykje moro ein kan få av ord som vert tolka på ein annan måte – eller berre bokstaveleg talt.

Og ja, det er til tider morosamt, men kanskje ikkje midt i blinken for den som ikkje er Volda-student?

– Det handlar om Volda og tjo og hei, og er vel mest rekna for studentar ja, seier ein av manusforfattarane, Marius Hope.

Stilig

Studentane Synne Lykkebø Hafsaas (19) frå Bergen og Elise Farestveit (19) frå Modalen er publikum og let seg begeistre av revygjengen.

– Det var gøy, det var mykje som var stilig laga til – og noko var meir morosamt enn anna. Spesielt likte vi nummeret om kjønnsfordelinga blant Volda-studentane, og det med dei mordariske studinene på Heltne. Vi kjenner oss att i mange av innslaga, seier Synne og Elise etter at framsyninga er slutt.

Drama

Heltneblokk-tangoen som dei to refererer til handlar om seks studiner – alle med mord på samvitet – som bur i ei av studentblokkene på Heltne.

– Sketsjen er ein saftig parodi på det som skjer i ei av studentblokkene, mykje drama, men langt frå så alvorleg som det vert framstilt på scenen, ler manusforfattar Marius Hope.

Skodespelarane i revyen er plukka ut etter audition i november. Revygjengen har øvd saman sidan januar, og etter kvart som det har nærma seg premiere har det vorte litt hektisk.

– Vi har følt litt på at vi har hatt for lite tid til å øve, men det har gått over all forventing, Vilde Sævik og Linda Eidset.

Dei fortel at det er mange dramastudentar som er med i revyen, man at det også er med studentar frå m.a. musikk og mediefag.

Tynt

Revyen hadde premiere onsdag, og spelte då for full sal på Rokken. På første framsyning søndag var det heller tynt i publikumsrekkjene.

– Det handlar nok litt om at det var konsert med Veronica Maggio i går, og at folk ikkje har klart å stable seg på føtene att enno, ler revysjef Anette Alnes Øverland.

Redusert

Ho meiner at revyfolka utgjer ein fantastisk gjeng, sjølv om energinivået blant skodespelarane også var litt redusert søndag.

Og om «Bokstavelig talt» ikkje lokka fram gapskratten hos underteikna, så var det likevel flust å drage på smilebandet av.

NB! Tysdag vert Vekerevyen 2012 vist for siste gong.

Les fleire kulturnyheter på smp.no Følg smp.no på Facebook

REDD FOR REGN. Cathrine Bärwald formidla redsla for syndeflod i Volda med stor overtyding. Foto: Olav Standal Tangen
Kamp. Vekerevyen 2012 handla om ord og vendingar, om festing og sex, mord og mysterium, ver og vind, blant anna. I denne sketsjen handla det om røyken sin kamp mot snusen, og om at vasspiperøykarane også ville ha eit ord med i laget. F.v. Torbjørn Øvrevik, Christoffer S. Johansen og Vilde Søvik. Foto: Olav Standal Tangen