Eit motorhavari gjer at litteraturbåten «Epos» må avlyse besøket sitt til Sande, Vanylven, Fjord, Sula og Molde kommunar. Det stadfester dagleg leiar for stiftinga, Maria Pile Svåsand overfor Sunnmørsposten.

– Båten var heilt nyss reparert etter å ha jobba i eit halvt år med å finansiere reparasjonane, men 30 minutt etter avgang frå verftet var det stopp, seier ho.

– Me synes dette er utruleg trist, og har rydda kalenderen for å ta oppatt turen i siste halvdel av september og starten av oktober, legg ho til.

Ruta skulle ha vore: 8.4: Larsnes og Haugsbygda, 9.4: Fiskå, 10.4: Vigra, Godøya. Valderøya og Giske, 11.4: Stordal, Norddal og Valldal, 12.4: Langevåg og 16.4: Molde.

– Frå 23. april skulle båten til Nordmøre. Der har vi ikkje avlyst enno, for vi har eit lite håp om å få båten reparert til då, seier Svåsand.

Stiftinga Litteraturbåten Epos vart oppretta i 2022, etter at Fritt Ord gav dei støtte. Stiftinga kjøpte så «Epos» i 2023. Sidan fylka har lagt ned bokbåten, er stiftinga oppretta for å oppretthalde tilbodet om ein litteraturbåt på Vestlandet, no i ein modell der dei er eit flytande litteraturhus som turnerer med litteraturprogram og bokhandel, og som samarbeider med festivalar, kommunane og kulturinstitusjonar og -organisasjonar av alle slag om å bringe eit kulturtilbod sjøvegen.