Og truleg kjem fleire til å nynne på songen til 10C i lang tid framover.

Vinnarane av BUSK Grand Prix tysdag kveld hadde nemleg ein sjeldan fengjande song laga på melodien til «It's all right here» av Hannah Montana.

Framfor fullsett storsal i Brattvåg ungdomsskule song dei om tidsmaskina som tok dei med til året 2099, der mannfolk i rosa skimmertights sprada rundt som ingenting. Og viss du trur hårfrisyrane i dag er spesielle, då skulle du sett kva skjønnheitssalongane tilbyr om 84 år!

– Livet langt vekke vakje like rått, skulle ønske ditta her va tida mi, song tiandeklassingane dei dei sto med rosa hår mellom høge, fargesprakande bygg.

Det likte juryen så godt at dei kåra tidsmaskina med mannskap til vinnar av årets grand prix i Brattvåg.

– Det er fleire element som spelar inn i valet. Songen, koreografi, tempo og timing, forklarte dommarpanelet.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Til hjartet sluttar å slå

På andreplass kom 9A, som tok for seg historia til ein livslysten pensjonist og hans siste tid her livet. Songen var skrive til The Script sin «Superheroes».

– Han ville vere fri og levet livet heilt ut. Det er sånn det ofte er, seier Adrian Bjørlykke.

Kvelds minst partyprega låt var i så måte minst tradisjonell i Grand Prix-samanheng, men historia frå sjukeheimen og norsk natur, formidla av sterke mannlege vokalistar, hadde ein klart alvorleg undertone.

  • Historia bak teksten kan du lese meir om i papiravisa av Sunnmørsposten onsdag

Livet utan fotball

På tredje plass kom 8A med si fotballåt, komponert av Erling Hildre Otterlei åleine. Han trur den behagelege vokalprestasjonen kan ha samanheng med at han meinte kvart eitt ord av det han song.

– Eg skreiv om fotball fordi eg elskar fotball. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort om eg ikkje fekk spele fotball, seier Erling heilt alvorleg.

Det forklarer strofa «å kjære fotball, uten dej e livet i fritt fall».

Han fortel at songen vart teke godt mot i klassa etter at han brukte fire-fem timar ein kveld på å skrive han.

– Sjølv om temaet er langt frå noko eg kan vere einig i, så synest eg songen er bra, fortel Sebastian Jakobsen i 8A.

Han haldt kulissene då Erling song om at samhald gir speleglede - med heile klassa saman på scena.