– Overveldande, seier kunstnaren frå Ålesund, om folkemengdene som dukka opp for å få med seg opninga av utstillinga. Ein måtte stå i kø berre for å nærme seg trappa som går opp til inngangspartiet.

Lys. Det ein kunne skimte av kunstverka over hovuda på folk (for så store var nokre av måleria) var Opdahl i kjend stil – landskapsmotiv uttrykte på ein minimal og stemningsfull måte. Havet og lyset var viktige element, som ein kanskje kunne vente utifrå tittelen på utstillinga.

Publikum. Dei mange publikummarane var tydelig imponerte over det dei fekk sjå, og mange lova å kome tilbake ved eit seinare høve for å få sett bedre på bileta. Utstillinga er opa, både for dei og andre interesserte, fram til 24. oktober.