Det var her han vaks opp, Charles Tøsse. Mannen som har signalisert at han er inne i si siste av tre periodar som ordførar i Stordal, var høgt og lågt i skogane frå Talberg til Nakken.

Søndag inviterer han med seg alle som ønskjer det på ei reise gjennom «trollskogen» frå barndommen. Og ikkje berre det – tittelen «Stubbediktvandring» betyr at ordføraren skal lese lyrikk på vegen.

– Kva er tanken bak dette?

– Vi har ein initiativrik biblioteksjef i Bjørg Moltu, som drog i gang dette. Og eg synest det verka spanande å vere med på noko som får folk ut i naturen og gir ei annleis oppleving, seier Tøsse.

Folkehelse

Han er berre ein av mange ordførarar på Sunnmøre som skal ut på liknande turar i haust. Naturlos-prosjektet, som har eksistert i fylket sidan 2006, har som mål å få folk ut på tur.

Friluftsrådet for Ålesund og omland samordnar eit stort turprogram, der lokalkjende fungerer som guidar. Og kven kjenner vel kommunen betre enn sjølvaste ordføraren? I både Ålesund, Giske, Haram, Vestnes og Ørskog skal ordføraren snøre på seg fjellskoa.

– Er dette verdt å bruke tid på for ein politikar?

– Eg trur eg kan snakke på vegner av alle når eg seier at det berre kan ha positiv effekt. I eit folkehelseperspektiv er det viktig at vi legg til rette for at alle kan bruke naturen – både dei som vil gå korte og enkle turar, og dei som vil gå større og lengre.

Ettertrakta natur

I sistnemnde kategori er det stadig fleire som søker til Stordal, seier Tøsse. Han trur at trenden med toppturar og deling av eigne bilde i naturen er god reklame når kommunen skal kjempe om tilbakeflyttarar og arbeidskraft.

– Vi merkar heilt klart ein trend med at folk ønskjer å ha naturen tett på seg, og at dei kanskje søker vekk frå det urbane. Heilt konkret merkar vi det på veldig ettertrakta hyttetomter i kommunen, og at folk oppheld seg lengre på hytta.

Ingen lesehest

Tøsse er sjølv ein aktiv turgåar, og deler gjerne blinkskot på Facebook.

– Men korleis står det til med litteraturkunna til ordføraren?

– Eg kan ikkje lyge på meg at eg er den som har pløgd gjennom flest bøker. Men eg jobbar med å finne dei rette dikta no, og det blir garantert noko som er knytt til natur og friluftsliv, seier Tøsse.

<strong>Los:</strong> Ålesund-ordførar Bjørn Tømmerdal skal òg vere los - tysdag kan du slå følge langs kyststien på Bogneset. Arkivfoto