Det populære Giskespelet byggjer på det Snorre Sturlason fortel i Soga om Olav den Heilage. Skodespelet handlar om livet på Giske omkring 1030. I skodespelet blir publikum presentert for vesentlege menneske frå Giske, som var involvert i slaget på Stiklestad. Og vi får også eit solid inntrykk av korleis Giskegarden såg ut for 1000 år sidan.

At dette er noko som ser ut til å interessere publikum er det ikkje noko tvil om. I høve spelet sitt 20-års jubileum var det nemleg overfylt etter at det vart laga til ekstra sitteplassar.

Populært

– Det har vore omtrent 750 selde billettar til kvar framsyning. Vi vil ikkje avvise nokon, og har sett inn ekstra benkar. Men det har altså vore overfylt ved kvar framsyning, seier dagleg leiar for Giskespelet, Arne Tunheim i forkant av den siste framsyninga på søndag. Truleg er dette det beste tilskodartalet spelet nokon sinne har hatt.

– Det har vore veldig vêravhengig, og variert frå år til år. Men årets tilskodartal er nok kanskje det beste vi nokon sinne har hatt, seier Tunheim som søndag ettermiddag forventa at også den siste framsyninga ville bli utseld.

Røyrer ved kjenslene

Tunheim trur det er mange grunnar til at folk ønskjer å få med seg det han meiner er verdas mest profesjonelle amatørskodespelarar.

– Det har vore ei heilt fantastisk helg. Det har blitt fortalt ei god og spanande historie som eg trur kan verke fascinerande for mange. Det er eit varmt og menneskeleg skodespel som røyrer ved kjenslene til publikum, seier han.

Tunheim trur også folk er imponert over suksessen på den vesle øya.

– Det blir fortalt mykje om Giske og det lokale miljøet i spelet, og det er nok interessant for dei i området. For mange er det nok ein positiv overrasking å sjå kor profesjonelt og flott vi har fått det til på Giske, seier Tunheim. Han trur spelet er litt hardt for dei yngste, men seier at det ikkje ser ut til å stoppe dei frå å kome.

– Så lenge små barn har ei vaksen hand å halde i, ser det ut til å gå bra. Ungdom er ikkje det vi har mest av, men vi har likevel ei veldig god blanding av aldrar blant publikum, seier ein nøgd Arne Tunheim.