- Eg skal sjå om eg får kontakt med spøkelset, seier Eli Kari til Møre-Nytt, som først omtalte saka.

Som utegåande reporter i programmet «God sommer Norge» på TV 2 i ei veke har ho sjølv fått velje kor ho vil legge turen - og valt Nordvestlandet, som ho synest er eit av dei vakraste områda i landet.

Utfordre seg sjølv

- Kor mørkeredd er du, på ein skala der ein er lågast og ti høg..., startar vi, men rekk ikkje fullføre.

- Ti! Definitivt. Og når eg gjer dette er det mykje for å utfordre meg sjølv, i tillegg til underhaldningsverdien. For tenk at eg, som elles er realist og opptatt av at ting har ei forklaring, har denne veldig redsla for mørket - og også for spøkelse. Det er ganske snodig, seier Eli Kari til Smp.no.

Direkte natta gjennom

Onsdag kveld blir det først innslag med Gjengedal i sommarprogrammet til TV 2, og så sender altså tv2.no direkte frå «Det blå rommet» natta gjennom.

- Vi har sett opp kamera som viser storparten av rommet. Til natta blir det berre meg der. Ingen kamerafolk, fortel Eli Kari.

- Korleis har du tenkt å fylle timane natta gjennom?

- Eg veit ikkje om eg får sove, truleg blir eg liggande og høyre på lydane. Men eg har også med meg ei bok, og vidare tenkjer eg både å trene litt, og ikkje minst snakke med folk eg håper vil ringe meg. Utover dette får eg berre sjå det an, om spøkelset dukkar opp. Skjer det vil eg truleg sjølv fungere som alarmknapp, der eg sprett opp og spring ut av rommet, seier ho.

- Med så mange timar på direkten rekk du eit skikkeleg langtidsvarsel?

- Hehe, ja. Og det kan godt vere at eg kjem til å snakke om veret jonsokaften: Det ser ut til å bli heilt fantastisk mange stader.

Oppsummering torsdag morgon

- Kor lenge ser du for deg å halde på utover?

- Vi tenkte først å runde av ved 04-tida, men så kom eg til å tenke på at spøkelse sikkert ikkje ser på klokka. Kva om det dukkar opp rett etterpå? ler Eli Kari.

- Vi har difor bestemt å halde på fram til i 07-tida, med avrunding på «God morgen Norge». Dei som ikkje orkar å sitje oppe heile natta kan med andre ord få ei oppsummering då, seier ho.

Union-spøkelset

Og for dei som ikkje kjenner til historia om Union-spøkelset, så skal vi tilbake til år 1901. Keisar Wilhelm 2 av Tyskland ein ein av dei faste gjestane ved hotellet, og med seg dette året har han fleire adelege vener, mellom dei grev Philip von Moltke.

Philip forelskar seg i ei av tenestejentene ved hotellet - Linda som hotellet sjølve i seinare år har valt å kalle ho. Dei to flyttar inn på rommet til greven - nett «Det blå rommet».

Men så endar det ikkje godt. Greven får ikkje skilje seg frå ho han er gift med i heimlandet: Klasseforskjellen mellom Linda og Philip er for stor. På veg med båt til Norge kastar Philip seg i havet, og ein dag blir Linda funnen død i elva - med brudekjole på seg og med blomsterkrans i håret. Sidan dette hende har fleire av gjestane på «Det blå rommet» fortalt at det spøker der, at dei har følt at Linda er der, eller høyrt gråt der.