Det seier ein godt nøgd festivalsjef, Arnt-Ivar Naustdal. Han har meir enn nok å henge fingrane i berre to dagar før Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid opnar 16. juli. Dei startar festivaloppvarminga torsdag, når Datarock og Comet Kids går på scena i Gymmen Scene & Studio. Dette er den lokale rockeklubbens faste scene, og der er det kun plass til 275 sjeler.

Få billettar igjen

Dersom du er ein av dei som liker å sitje på gjerdet og spontant hive deg av garde på festival same dag, bør du revurdere det viss du har tenkt deg til Malakoff.

- Per no er det framleis tilgjengeleg festivalpass og dagspass, men det byrjar å bli sterkt begrensa. Dagspass for laurdagen er vi snart utselt for. Mange folk frå Nordfjord er vante med å kjøpe billettar siste dagen, men det bør dei ikkje belage seg på i år, seier Naustdal til smp.no tirsdag føremiddag.

Les også: Frykter ikke konkurranse

Rekord for campen

Festivalleiinga vil nødig skuffe dei mest ihuga av festivalfolket, og difor har dei utvida festivalcampen heile tre gongar. Det betyr at det vil bli sett opp over 900 telt. I skrivande stund er det kun fire teltplassar igjen.

-Festivalcampen er ein viktig del av Malakoff, uttalar Naustdal. Han trur camperane får ein ekstra smak av den gode festivalstemninga. Men han er samstundes bevisst på det store ansvaret som kviler på dei når så mange teltarar samlast på éin stad.

-Vi er også velsigna med at mange kjekke sunnmøringar besøker festivalen vår, og mange av dei er faste gjengangarar på campen, legg festivalsjefen til. Han tykkjer det er veldig kjekt å ha slike gode malakoffambassadørar på besøk.

Behov for frivillige

-Korleis er det med frivilllige? Har de fått dekt opp den sida av festivalen?

-Vi har dekt opp rundt 93 prosent med tanke på bemanningssituasjonen, og vi tek inn folk enno. Dersom nokon ønskjer å vere frivillig laurdag, er det ei mulegheit til å få med seg festivalstemninga for dei som ikkje har skaffa seg pass.

Når ein har jobba med å planleggje festival og booke artistar i eit heilt år, er det ekstra spanande for ein festivalsjef når det første bandet står på scena. Men kan ein festivalsjef tillate seg å ha nokre favorittar, mon tru?

-Eg gler meg veldig til Kaiser Chiefs på fredag. Og Rival Sons laurdag. Eg ser òg fram til konserten med Architects på Amfiscena laurdag. Der er det plass til eit mindre publikum, og då vert det gjerne ei litt anna stemning.

Dersom festivalen vert utselt, slik som i 2014, vert det samla 12.000 menneske dagleg på festivalarenaen på Nordfjordeid. Tradisjonen tru er det òg gratis inngang for barn under 12 år i følge med vaksne.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook