– Du ten­ker på Ali? spør Are Ar­nar­do i Cir­kus Ar­nar­do.

– Ja, både han og di­ver­se and­re dyr, sva­rer Sunnmørsposten.

Kamelen Ali rømte ikkje mindre enn to gongar då Cirkus Arnardo var i Stjørdal i Nord-Trøndelag i slutten av juli. No håpar dei at han ikkje legg ut på tur når Ali og resten av sirkuset besøker Sunnmøre til helga. Foto: Tor Aage Hansen / NTB scanpix

Cir­kus Ar­nar­do har nem­leg hatt trøb­bel med dyr på røm­men i det sis­te. Ifølge Dag­bla­det, som har un­der­søkt saka, har el­le­ve ka­me­lar og la­ma­er rømt frå sir­ku­set hit­til i år.

Sjå video av Ali på rømmen i videovindauget over

Ein av dei var ka­me­len Ali, som var ute på tur i Stjør­dal sent­rum i Nord-Trøn­de­lag 29 juli. Da­gen etter røm­de han like godt ein gong til.

Are Ar­nar­do sei­er dei ik­kje lar han røm­me med vil­je.

– Nei, det er ik­kje slik at det­te er noko PR-stunt el­ler noko slikt. Dyra får auge på grønt gras el­ler grø­ne blad på and­re sida av straum­gjer­det. Gjer­det er gans­ke høgt, men dyra har lært seg å klat­re un­der, sei­er Ar­nar­do.

Nytt show

No er sir­ku­set i Fræ­na. Til helga er det Vest­nes, Har­eid, Fos­na­våg og Vol­da som får be­søk.

Det er mange dyr med i framsyningane til Cirkus Arnardo, mellom anna kattar og hundar. Foto: Fridgeir Walderhaug

– Sho­wet vi kjem med er heilt nytt i år. Vi har ik­kje ber­re ka­me­lar og la­ma­er, men også and­re dyr. Til og med hun­dar og kat­tar er med i framsyninga.

Ar­nar­do trekk i til­legg fram breakdance-fram­sy­nin­ga som er del av det to ti­mar lan­ge sho­wet.

– Det har vore vel­dig po­pu­lært and­re sta­der, og eg trur det vil vere det på Sunn­mø­re også.

Forsterka gjerda

Sjølv om Are Ar­nar­do ik­kje kan love at dyra ik­kje kjem seg lau­se igjen, har sir­ku­set gjen­nom­ført til­tak for å hind­re at det skjer igjen.

– Ja, vi har for­ster­ka straum­gjer­det med ein tråd len­ger nede. No trur eg ik­kje dei skal kla­re å klat­re un­der len­ger, sei­er han.

I til­legg til Ali sine to luf­te­tu­rar i Stjør­dal, røm­de fire ka­me­lar i Aren­dal i mars, tre la­ma­er i Oslo i april og tre ka­me­lar i Rak­ke­stad i juni, ifølge Dag­bla­det.

Dy­re­vern­or­ga­ni­sa­sjo­nen NOAH er kri­tis­ke til at sir­ku­set bru­kar dyr i fram­sy­nin­ga­ne sine. Ar­nar­do av­vi­ser den­ne kri­tik­ken, og mei­ner røm­min­ga­ne ik­kje har noko med at dyra har det dår­leg.

– Det­te er sjølv­sagt ik­kje noko vi ønsker. Men det er ik­kje slik at dei blir dår­leg be­hand­la sjølv om dei røm­mer, sei­er han til Dag­bla­det. Over­for Sunn­mørs­pos­ten utdjupar han po­en­get.

– Dyra går fritt inne på området også. Dei sy­nest nok grønt gras er betre enn høy, så dei blir freis­ta av det som er på and­re sida av gjer­det. Men no har vi be­gynt å sam­le sa­man litt grøn kost til dei som dei får in­nan­for gjer­da, sei­er han.

Framsyningane på Nordvestlandet går fredag, laurdag, søndag og måndag.

Det er mange dyr med i framsyningane til Cirkus Arnardo, mellom anna kattar og hundar. Foto: Fridgeir Walderhaug