I 1991 fekk Stryn kommune måleria i gåve av kunstnaren Ansgar Leiten. Same år opna Galleri Leiten i kulturhuset.

Men no er det slutt for galleriet, og i løpet av hausten blir Leiten-bilda henta av familien.

Fell vekkFamilien ønskjer å avvikle galleriet i Stryn fordi dei meiner intensjonen med galleriet no fell vekk. Kommunen har nemleg lagt opp til eit felles galleri, der Leiten sine bilde skulle plasserast saman med kunstsamling etter Kaare Sunde. Denne samlinga fekk kommunen i 2007.#

– Dette er ikkje noko stor sak. Vi synest det var ei passeleg tid no. Når kommunen vil slå saman to samlingar, meiner vi det er utanom avtalen som far min gjorde med kommunen. At galleriet blir mindre, var ikkje i hans ånd, seier sonen Gerhard Leiten, som ikkje er i tvil om at faren ville støtta avgjerda om han hadde levd.

BeklagarKommunen på si side beklagar avgjerda.

– Dette er leitt. Vi må godta at familien ønskjer bilda tilbake, men trur det ville blitt eit bra galleri der dei beste av begge desse kunstnarane ville blitt plassert, seier Myrtel Janne Thomassen som handsamar saka for Stryn kommune.

Ho vedgår at lite ressursar til å utvikle og prioritere arbeidet eit galleri krev, har gitt utslag i låge besøkstal siste åra. No ønskte kommunen å revitalisere galleriet for å gjere det meir tilgjengeleg for publikum og auke interessa.

Planen var å stille ut nokre av bilda og plassere resten i magasin. Bilda skulle rullere, slik at publikum stadig kunne sjå nye bilde.

Til VanylvenThomassen håpar bilda kan få plass i eit anna galleri, slik at nye og fleire kunstinteresserte kan få oppleve kunsten til Ansgar Leiten.

Og det er nettopp dette Leiten-familien også håpar på.

– I første omgang blir bilda returnert til mor mi, Elna Leiten, i Vanylven. Så får vi diskutere kva som skal skje, seier Gerhard Leiten og legg til at det kan vere aktuelt å ta bilda til galleriet i Syvde.

Han fortel at faren også i utgangspunktet ønskte at bilda skulle vere i Vanylven. Men han var også sterkt knytt til Stryn og hadde vore der mykje.

Galleri KI samband med at Stryn no avviklar Galleri Leiten er det gjort framlegg om at galleriet endrar namn til Galleri K – K for kulturhus. Skule- og kultursjefen gjer framlegg om at Stryn kommune avviklar Galleri Leiten frå 1. september.