Kurt med kvintett på kulturhuset

Sykkylven kan nyte swingande takter laurdag.

Kurt Sagen Jazz Kvintett er f.v. Einar Longva, Miki Campins, Sveinung Utgård, Sven Bernt Ellingseter, Kurt Sagen.   Foto: Fotograf Hagen

Musikk

Gitarist og bandleiar Kurt Sagen har mønstra fire gode musikervener. Saman held dei jazzkafé-konsert på Sykkylven kulturhus laurdag.

Repertoaret byd på varierte inntrykk med både slow, swing og latin, reklamerer Sagen.

Titlar som kan illustrere spennvidda inkluderer «Sweet Georgia Brown» og «The Nearness of you». Kvikt og meir neddempa, innsmigrande, altså.

– Vi spelar helst musikk frå gullalderjazzen. Det må falle lett i øyro og gjerne vere henta i det evig grøne tilfanget, seier Kurt.

I lag med seg har han fått saxofonisten Sven Bernt Ellingseter frå Fiksdal. Han gjer mellom anna ein versjon av Olle Adolphson sin nydelege «Trubbel» i bossa-takt.

Ellingseter er ein musikar av den gamle storband-typen som dreg med seg fleire instrument, både sopran, alt- og tenorsax. Desse vekslar han mellom, alt etter kva som kler dei einskilde låtane.

Vidare stiller Einar Longva med sitt jazz -og musette-trekkspel, inspirert av Art Van Damme. Med «rukkå» innstilt to-korig, tek han publikum leikande lett sørover mot Paris.

Kompet? Det tek bassist Sveinung Utgård og slagverkaren Miki Campins seg av. Då skal framdrift og fundament vere i dei aller beste hender.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Musikk