Spelar inn scener til «Dragetreneren 2»

Musikk

Lokale unge musikarar vart fredag føremiddag invitert med som statistar til Alexander Rybaks nyaste musikkvideo, som no vert spelt inn på Vestkapp.

Det er åtte unge strykarar frå Herøy, ei frå Sande og tre frå Ørsta. Dei fleste av musikarane er elevar ved kulturskulene i Ørsta og Herøy.

Sjå bilda i bildeserien over!

Det var Rybak som kontakta Ålesund orkesterskole og fekk namna på kulturskuleelevane. Dei fleste av musikarane har vore på den årlege orkesterskulen og fått undervisning av Rybak tidlegare.

Måndag var det filming med helikopter, og tysdag skal dei filme nede på bakken.

Jenter med hjartebank

– Dette er ei kjempeoppleving for dei å vere med på. Særleg desse unge jentene får heilt hjartebank, men det roar seg når dei får møte han. Rybak sjølv er jo så nede på jorda og roleg, seier lærar ved kulturskulen i Herøy, Andrine Longva Kopperstad til smp.no. 

– På førehånd trudde dei at det var mange som skulle vere saman med han og spele, men så var dei berre ei lita gruppe på tolv personar. 

– Det er lange dagar for elevane. Fyrst skal dei opp klokka seks om morgonen  for å gå på skule, også er det arbeid til langt utpå kvelden.

DreamWorks-film

Låta dei er med på å gi bilder, til skal vere med i DreamWorks siste film, Dragetreneren 2 (How to train your dragon 2). Dette er ein amerikansk animasjonsfilm der Alexander Rybak har gitt norsk stemme til hovedkarakteren, Hikken.

Låta skal få «siste ord» i filmen og blir å høyre medan rulleteksta går til slutt.

– Med strålande vèr, storhavet rett ut, bratte skrentar med snaublåst vegetasjon som kulisser, låg alt til rette for flotte opptak frå helikopteret. Men aller først måtte det øvast. Med ei splitter ny låt ingen hadde hørt før instruerte Alexander sjølv, og bad om lange bogestrøk, smil om munnen, lette dansande trinn og overdreven glede i god animasjons-stil, fortel  Kristian Skeide, som var til stades under innspelinga måndag.

Tirsdag ettermiddag er det klart for nye opptak, men no utan helikopter. Nærscenene står for tur.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Musikk