Engasjerer du deg for noko, som du også vil at andre skal bry seg om?

Send eit debattinnlegg til oss om det temaet du brenn for. Klima, heimstaden, sosiale medium, psykisk helse, kollektivtilbod … eller noko heilt anna. Du bestemmer.

Utover hausten vil vi publisere fleire nye stemmer i veka, og dei utvalde vil alle vinne 1000 kroner!

Konkurranseperioden går frå no til søndag 10. desember. Tips: Det kan vere lurt å sende inn tidleg i konkurranseperioden, for dess fleire bidrag vi får, dess smalare blir nålauget …

Ved konkurranseslutt kårar ein jury dei tre beste bidraga som i tillegg vil få hovudpremiar på 10.000, 5000 og 3000 kr.

Viktig å vite

  • Deltakarar må vere i alderen 13–30 år (f. 1993-2010).

  • Innlegget må vere under 3000 teikn inkludert mellomrom. Det utgjer i under kant av 450 ord.

  • Bidragsytarar frå Nordvestlandet eller med tilknyting til Nordvestlandet vil bli prioriterte.

  • Du vel sjølv tema. Det viktigaste er at du skriv om noko du bryr deg om. Eit tips er å bruke eksempel eller historier som du sjølv eller nokon nær deg, har opplevd. Det kan også vere lurt å skrive om noko knytt til regionen vår.

  • Det kan berre vere éin avsendar per bidrag som skal sendast eksklusivt til Sunnmørsposten.

  • For å publisere må vi ha fullt namn, telefonnr., e-post, postadresse, og fødselsdato.

  • Om du er under 18 år, treng vi også kontaktinformasjon til føresette.

  • Send bidraget, veldig gjerne med bilde av deg sjølv, til ungestemmer@smp.no.

  • Spørsmål? Kontakt oss gjerne på ungestemmer@smp.no.