Det heldt ikkje berre til gull i 15-årsklassen. Tida var også både stemnerekord og ny norsk aldersrekord.

– Heilt enormt av Jonas. Ingen 15-åringar i Europa har gjort det betre i år. Jonas er i kanonform, seier trenar Arve Hatløy.

Og minner om at VU-spelen er eit stort stemne med 5000 deltakarar som har blitt arrangert kvart år sidan 1996. For sikkerheits skuld fekk 15-åringen tida 9.10 både i forsøket og i finalen.

Her kan du lese fleire saker om friidrettsklubben Dimna IL

Søndag følgde Ose opp med sølv på 300-meter med tida 36.63. Det var også fleire lokale utøvarar som hevda seg i Göteborg i helga. Av Dimna-utøvarane tok Toralv Opsal gull i lengde med 7.22 meter. Det var også ny pers. Søndag vart Opsal nummer fem på 110-meter hekk.

Johanne Rise Kvalen vart nummer 4 i høgde med 1.61 meter. Sigrid Kleive frå Ålesund FIK opna VU-spelen med gull i spyd fredag. Søndag stod ho for nye flotte prestasjonar med gull i kule (13,15 m) og femteplass i finale på 100-meter hekk.

Les fleire saker om lokal idrett på Nordvestlandet.