Turnar frå Ulsteinvik:

Edel (15) klar for ungdoms-OL

Edel Charlotte Eiken Fosse (15) er ein av tre jenteturnarar som skal representere Norge under europeisk ungdoms-OL i sommar.

STORT TALENT Det ligg mykje trening bak å bli ein god turnar. Edel Charlotte Eiken Fosse er berre 15 år og går framleis på ungdomsskulen, men trenar likevel heile 21–22 timar i veka. Her ser vi ho i aksjon i trening på heimebane i Ulstein for eitt og eit halvt år sidan. 

Lokal sport

Totalt har Olympiatoppen tatt ut 43 utøvarar frå fem idrettar som får delta i den gjæve meisterskapen, som går i ungarske Györ siste veka i juli. Troppen inkluderer mellom anna eit heilt handballag. Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik er ein av seks turnarar i troppen, av dei tre jenter.